Reinhaldar Bremanger
Sogn og fjordane energi
Gloppen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Reinhaldar Bremanger
Type ansettelse
Annet, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Noreg – og verda – er avhengige av meir fornybar energi om vi skal nå klimamåla. I Sogn og Fjordane Energi (SFE) jobbar vi kvar dag med å lage straum av naturkreftene våre – og utvikle nye fornybarprosjekt på lag med naturen. I SFE skaper vi den fornybare framtida, det er samfunnsoppdraget vårt.
Ein av våre flinke reinhaldarar i anlegga i Bremanger skal snart pensjonere seg, og vi søkjer difor etter ein ny reinhaldar.
Reinhald – og kanskje i kombinasjon med andre oppgåver?I kraftstasjonane våre er det høge krav til reinhald, og som reinhaldar hos oss vil du difor inneha ein svært viktig jobb i team med dei som driftar kraftverka. Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak bestå av dagleg og periodisk reinhald i våre kraftverk, kontorbygg og overnattingsplassar i Bremanger, inkludert bruk av ulike type reinhaldsmaskiner.
Den rette kandidaten har gjerne erfaring frå profesjonelt reinhald og godkjent fagbrev, sjølv om det ikkje er eit krav. Du trivst med å køyre bil mellom anlegga, og har sertifikat minimum klasse B.
For kandidatar med interesse for å kombinere reinhald med andre type oppgåver, så går vi gjerne i ein dialog. Det kan til dømes vere snakk om arbeid med kjemisk stoffkartotek, eller andre praktiske eller administrative oppgåver.
Vi ser for oss at du er ein sjølvstendig, strukturert og nøyaktig person, som er fleksibel og bidreg med godt humør og positive haldningar i arbeidsmiljøet.
Vi vil høyre frå deg både om du er interessert i ei heiltidsstilling eller ei deltidsstilling (frå 40% og oppover).
Difor skal du velje oss!Hos oss i SFE vil du oppleve å jobbe i eit selskap som set stor pris på sine tilsette. Dette vart tydeleg stadfesta gjennom vår siste medarbeidarundersøking, der trivsel og fellesskap vart løfta fram som nokre av våre største styrker. Vi satsar målretta på utvikling av medarbeidarane våre og tilbyr attraktive ordningar. Verdiane våre – Stolt, Frisk, Ekte – gjennomsyrar alt vi gjer, og vi inviterer deg til å bli med oss på vegen vidare.
Vi meiner at mangfald er ein styrke, og oppmodar personar med ulike bakgrunnar til å søkje. Vi gler oss til å høyre frå deg!
Oppmøteplass for stillinga vil i utgangspunktet vere i Ålfoten eller Svelgen i Bremanger kommune.
Før tilsetting av den rette kandidaten hos oss, vil vi etter samtykke gjennomføre bakgrunnssjekk og personkontroll med heimel i kraftberedskapsforskrifta. Relevante kandidatar vil få nødvendig informasjon om dette. Tilsetting gjerast berre under føresetnad om godkjent bakgrunnssjekk.
Kontaktpersonar for stillinga er:- Dag Eikenes, Teamleiar Operatørteam Bremanger, tlf. 480 95 612
- Jens Gule, Leiar kraftverksdrift, tlf. 913 50 826
Om bedriften
Sektor
Privat