Bli med å bygge framtidas hurtigbåtar og din eigen flytande arbeidsplass!
Fjord1 AS - Maritim Drift
Hyevegen 1775, 6829 Hyen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Maskinist til byggjetilsyn ved Brødrene Aa i Hyen
Type ansettelse
Engasjement, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 11. februar
Fjord1 søkjer etter maskinist til eit spennande engasjement i byggjetilsyn ved Brødrene Aa i Hyen, og deretter stilling som maskinsjef på reservefartøy for sambandet Kleppestø - Strandkaien eller Knarvik - Frekhaug - Strandkaien.
Ved verftet i Hyen skal det byggast ein ny, topp moderne hurtigbåt av Aero design til sambandet Knarvik-Frekhaug-Strandkaien.
Tiltreding i engasjement i byggjetilsyn er snarast råd med varigheit til siste fartøy er levert frå verft, juni 2025. I engasjementet vil arbeidsstaden vere Brødrene Aa sitt verft i Hyen. Deretter vil ein gå vidare til fast stilling som maskinsjef på reservefartøy til sambanda i Bergen.
Skiftordning:Under byggjeperiode: Normal arbeidstid eller turnus basert på avtale og bustadsadresse
I drift: Per i dag er det planlagt to veker på og to veker av, med avløysningsstad i Bergen
Ta kontakt for å høyre meir eller send oss din søknad!
Arbeidsoppgåver
Byggjetilsyn:- Følgje opp at fartøya blir ombygd i samsvar med kontrakt og spesifikasjonar
- Dagleg kommunikasjon med verft
- Kontroll av teikningar og annan dokumentasjon
- Etablering/oppdatering av vedlikehaldsdatabase og styrande dokument
- Inspeksjon og kvalitetskontroll
- Deltaking under testing, oppstart og prøveturar
- Etablering/oppdatering av vedlikehaldsdatabase
- Bidra til erfaringsoverføring til andre prosjekt
- Teknisk leiar som skal syte for at skipet sitt tekniske utstyr/komponentar fungerar i samsvar med klasse/styresmaktene sine krav
- Vedlikehald av maskineri/komponentar jamfør rederiets vedlikehaldssystem, p.t. Amos
- Saman med skipsførar bidra til at rederiets tryggleiksstyringsstyringssystemet, p.t. EQS, vert fulgt og at det er i samsvar med ISM koden
- Sørge for opplæring av personell
- Oppgåver knytt til alarminstruks
- Oppdatere og ajourhalde jobbar i vedlikehaldssystemet og reservedelsoversikt
- Arkivering og vedlikehald av fartøyets tekningar og tekniske manualar
- Halde dagleg oversikt over behaldning og forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn
- Føre maskindagbok/kladd og oljedagbok i samsvar med interne og eksterne krav
- Budsjettering/oppfølging og bestilling av reservedeler og utstyr innan sitt ansvarsområde
- Sørge for at stoffkartoteket er tilgjengeleg og oppdatert
- Sørge for reinhald og brannførebygging innan sitt ansvarsområde
Kvalifikasjonar
Byggjetilsyn:- Maskinist med erfaring frå hurtigbåt
- Gode ferdigheiter i bruk av Amos
- Gode engelskkunnskapar er ønskjeleg, då mykje av dokumentasjonen er på engelsk
- Erfaring frå lengre verftsopphald vil vere ein fordel, men ikkje noko krav
- Allmenn datakunnskap
- Minimum M2, eventuelt M3 med maskinsjef 3000 kw
- Sikkerheitskurs jamfør kvalifikasjonsføreskrifta
- Passasjer- og krisehandteringskurs
- FSE e-læring
- Gyldig helseerklæring
- Nordiske språkkunnskap skriftlig og muntleg
- Kvalifikasjonsbevis for brobesetning på hurtiggåande fartøy er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Systematisk arbeidsform
- Ansvarleg
- Fleksibel og løysingsorientert
- Evne til å arbeide i team
- Ønskje om å bidra til at Fjord1 når sine målsettingar
Vi tilbyr
- Attraktive lønnsvilkår
- Utfordrande arbeidsoppgåver
- Personar med lang reiseveg til arbeidsstad (dvs. for lang for dagpendling) vil få dekka utgifter til reise og opphald etter gjeldande regulativ
Kontaktinformasjon
Øystein Bang-olsen, Prosjektleiar, +47 99443520, oystein.bang-olsen@fjord1.noArbeidsstad
Hyevegen 17756829 Hyen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 ASReferansenr.: 4912545202
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.02.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Fjord1 arbeider med ny og moderne teknologi i verdsklasse, der nullutslepp og ny infrastruktur på land er fokusområder. Det største ferjeløftet gjennom tidene har sett sitt preg på dei siste åra med oppstart av fleire nye ferjekontraktar- og samband, auka kapasitet, fullføring av flåtefornyingsprogrammet og vidare elektrifisering av fartøy.
Gjennom kontinuerleg arbeid med å utvikle nybygg i verdsklasse, samt oppgradere og modernisere eksisterande fartøyportefølje, er Fjord1 sin visjon å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport. Fjord1 skal vere ein attraktiv arbeidsgjevar, eit trygt selskap å investere i, ein føretrekt samarbeidspartnar, og ein aktør som fraktar passasjerar trygt over dei norske fjordane.
Fjord1 har kontor i Florø, Bergen og Molde. Fjord1 er ein kompetansearbeidsplass med eit breitt spekter av stillingskategoriar. Det er om lag 1100 fast tilsette i selskapet.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2844715
- Hentet fra
talentech
- Referanse
d36385e2d90f45ddbc91e237dbf9b221