M-7 Helsefagarbeidar 50% fast natt Hamrane avlastn./butiltak
Vi søkjer
Antall stillingar: 1
Stillingsprosent: 50% stilling
Tilsettingsform: Fast
Tiltreding: Frå 01.10.2021 eller snarast
Arbeidstid: Nattevakt 35,5 t/veke
Beskrivelse av avdeling
Tilsetting skjer med Tysvær kommune som arbeidsgivar, men stillinga er for tida plassert i resultatområdet Helse og mestring, seksjon butiltak v/Hamrane avlasting og butiltak.
I gjeldande organisering har Seksjon butiltak ansvar for ein stor del av tenestene for funksjonshemma. Brukargruppa er personar med utviklingshemming og andre med medfødte eller tidlig erverva funksjonsnedsettingar.
Nokre av tenestemottakarane mottek tenestetilbod som blir rekna som heildøgns tenestetilbod. Seksjonen har i dag 4 avdelingar som også inkluderar eit avlastingstiltak. Med nytt kommunedekkjande dagsenter på plass i 2022 skal kommunen vidareføre og vidareutvikle gode tenester for brukargruppa.
Seksjonen arbeider mot ein best mogleg organisering og samhandlingsstruktur. Målet er felles kultur gjennom felles struktur. Målretta miljøarbeid er seksjonen sin felles faglege tilnærming, innanfor rammeverket Positiv Atferdsstøtte (PAS). Seksjonen skal ha kvalitet i fokus og jobbe systematisk for å heva kompetansen hos leiarar og medarbeidarar gjennom interne og eksterne kurs og opplæringstiltak, samt leggje til rette for relevant vidareutdanning.
Vi treng ditt bidrag for å realisera kommunen sine visjonar, mål og planar, og for å sikre fagleg forsvarlege tenester, eit godt arbeidsmiljø og for å bidra til kvalitetsarbeid og internkontroll.
Seksjon butiltak gjev tenester etter helse- og omsorgstjenesteloven § 3-2 første ledd nr.6 bokstav b, personlig assistanse herunder praktisk bistand og opplæring. For mange av brukarane omfatter tenestene også "helsehjelp i heimen". Godt samarbeid med pårørande er vektlagt. Tenestetilbodet skal ytast med respekt for den einskilde sine behov og ynskje.
Arbeidsoppgåver
Våken nattevakt med ansvar for å:
" Delta i aktivitet/ daglege rutinar kveld og morgon med ulike brukargrupper
Ha tilsyn av brukarar på natt i form av digitalt tilsyn ("våke over" på skjerm), eller meir direkte tilsyn i leiligheten ved behov.
" Samarbeide med kollegaer og pårørande
" Gjere praktiske oppgåver, reinhald
" Dokumentera i elektronisk pasientjournal (Profil)
Krav til kompetanse
- Helsefagarbeider med godkjent autorisasjon
- Relevant arbeidserfaring
- Interesse for fag, metodar og tilnærmingsmåtar
- Kjennskap til funksjonshemming, lovverk og etikk
- Erfaring og personlege eigenskapar vert vektlagt
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskaper
" Du må trivast med å jobbe om natta
" Gode kommunikasjon og samarbeidsevner
" Evne til å jobbe strukturert og sjølvstendig, til tider åleine, samt fungere godt i team
" Vere fleksibel og løysingsorientert
" God munnleg og skriftleg framstillingsevne
Lønnsvilkår
Etter gjeldande avtale og regelverk.
Slik søker du
Tysvær kommune mottar kun elektroniske søknader. Søk via linken oppe til høgre.
Ta kontakt med Servicetorget på tlf. 52757000 dersom du treng hjelp til å søkje.
Kopiar av vitnemål og attestar tar du med deg dersom du skal møte til intervju. Desse blir dessverre ikkje returnerte.
Politiattest skal heller ikkje leggjast ved søknaden din. Godkjent politiattest som ikkje er eldre enn tre månader ,må liggje føre ved tilsetting, og seinast før arbeidstakar tiltrer stillinga. Det vert teke atterhald om at merknadar på politiattesten kan føre til endring i tilbodet om stilling.
Om bedriften
Tysvær kommune er sentralt plassert på Haugalandet med 11000 innbyggjarar. Kommunesenteret Aksdal ligg berre 13 km sør-aust for Haugesund med gode kommunikasjonar mot Bergen og Stavanger og kort veg til flyplass. Tysvær er ein vekstkommune med ein særs ung befolkning, og har flotte tilbud innan kultur og idrett. Barnehagar og skular er moderne og gir gode tilbud i dei ulike delane av kommunen. Vi gjer merksam på at berre tilsette i Tysvær kommune (fast eller vikar) kan søkje stillingar som merka INTERN i overskrifta