Heimehjelp
Org. nr: - Stillingsident: 4382563993 Presentasjon av stillingen:
Vi har ledig stilling på tilsaman 147 % som heimehjelp/praktisk bistand til reingjering i heimen. Det er mogeleg å søkje på delar av stillinga.
Stillingane er faste tilsettingar. Arbeid som heimehjelp finn stad på dagtid, mandag til fredag.
Vi ynskjer å satse på kompetanse og stillingane kan kombinerast med helg/turnusvakter i heimesjukepleia for dei som ønskjer å ta relevant utdanningsløp.
Heimetenestene i Herøy er delte inn i to distrikt, indre og ytre Herøy. Praktisk bistand ytre er ein del av heimetenestene og er lokalisert i ytre Herøy
Arbeidsoppgåver
Reingjering i heimen
Kvalifikasjonar
- erfaring frå stilling som heimehjelp/liknande arbeid er ein fordel
- søkjar må ha sertifikat og disponere bil
Personlege eigenskapar
- ha gode samarbeidsevner
- likar å arbeide sjølvstendig
- er strukturert
- har god munnleg og skriftleg kommunikasjon på norsk
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaring.
Politiattest må kunne leggast fram før tilsetting.
Vi tilbyr
- arbeidsoppgåver som kan variere
- ein arbeidsgjevar som er oppteken av trivsel på arbeidsstaden
- gode pensjonsordningar
- løn etter avtale
- IA-bedrift
Tilsetting skjer på dei vilkår som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement.
Aktuelle kandidatar kan verte innkalla til intervju. Søkjarlista kan verte offentleggjordt.
Kontaktinformasjon
Siv Jensen, Avdelingsleiar, 90785178
Arbeidsstad
Sjukeheimsvegen 5
6092 Fosnavåg
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Herøy kommune
Referansenr.:4382563993
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.05.2021
Om bedriften
Herøy kommune i Møre og Romsdal er perla yst i storhavet på Sunnmøre. Det er ein og ein halv time reisetid til Ålesund og under ein time til Ørsta-Volda lufthamn. Kommunen har nesten 9000 innbyggjarar, og om lag 650 tilsette i kommuneorganisasjonen. Næringslivet står sterkt i Herøy med lange tradisjonar for å skape verdiar frå hav og fiske. Ei båtlengd føre er kommunen sin visjon, og kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. Vi har eit breitt kultur-, fritid-og idrettstilbod med festivalar og arrangement for alle. Naturen og kysten vår er vakker, og Runde med det mektige fuglefjellet er den store stoltheita vår!