Kjøkkenassistent - kantinemedarbeider
Viergo A/S søkjer kjøkkenassistent/kantinemedarbeider i 70% stilling frå17. august 2020. Arbeidstad er kantina på Bømlo vidaregåande skule. Arbeidstid frå kl 0700 til 1300. Arbeidsdagane følgjer skuleruta.
Kvalifikasjonskrav: Relevant praksis ut over grunnskule. Generelle grunnleggjande IT-kunnskaper.
I tillegg til faglege kvalifikasjonar innafor matlaging/hygiene/salg ønskjer vi desse personlege eigenskapane:
Gode kommunikasjonsevner, evne til å instruere og rettleie, vere ryddig og strukturert, ansvarsbevisst, gode sosiale eigenskapar, god rollemodell, gode holdningar som representerer verdiane våre.
Den som blir tilsett må kunne utvise fleksibilitet i forhold til arbeid på andre avdelingar og mogleg også større stillingstorleik etter kvart.
Beherske norsk munnleg og skriftleg.
Førarkort klasse B.
Vi tilbyr:
Ein god kvardag i møte med kundar og våre arbeidstakarar. Gode pensjons- og forsikringsordningar, velferdsgoder og fellesgoder. Moglegheit til kurs- og kompetanseutvikling. Kjøkkenassistent rapporterer til arbeidsleiar.
Lønn etter avtale.
Ved tilsetjing blir det kravd politiattest.
Skriftleg søknad innan 19. juni 2020 til Viergo A/S, Bremnesvegen 900, 5430 Bremnes, eller til post@viergo.no.
Spørsmål om stillinga rettar du til dagleg leiar Audny Gjøsæter Hollund, tlf. 53428300/mobil 48055756.
Om bedriften
Vår visjon: Vi skal vere best på opplæring og utvikling i vår bransje - kvalitet og trivsel i alt vårt arbeid.
Vi bidrar til personleg vekst og utvikling gjennom tilrettelagt arbeid og arbeidstrening.
Våre arbeidsarenaer er vaskeri & renseri, catering, konditori/bakeri, kantine på Bømlo vidaregåande skule, kurs- og konferanse, jobbfrukt, makulering og handverk.
Vi held til i Bremnesvegen 900, Rubbestad på Bømlo.