Vikar i pleie og omsorg
Herøy kommune, pleie- og omsorgsavdelinga
Sjukeheimsvegen 5B, 6092 Fosnavåg
Om jobben
Stillingstittel
Vikar i pleie og omsorg
Type ansettelse
Annet, deltid 12%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
5
Vi søkjer etter engasjerte og omsorgsfulle vikarar til pleie og omsorg, både til helg og kvardag.
Som vikar hos oss vil du spele ei viktig rolle i å hjelpe våre pasientar med daglege gjeremål og å oppretthalde ein god livskvalitet.
Vi ser etter deg som har eit stort hjarte, er påliteleg og har eit sterkt ønske om å bidra til å betre livskvaliteten til dei som treng det mest. Erfaring frå liknande arbeid er ein fordel, men ikkje eit krav – det viktigaste er at du har rett innstilling og eit ønske om å gjere ein forskjell.
Vi ønsker vikarar som kan arbeide på fast planlagde helger og elles til vakter på tilkalling. Oppgje i søknaden korleis du kan arbeide.
Arbeidsoppgåver
- personleg hygiene: hjelp til vask og påkledning
- ernæring: hjelpe til med måltid, inkludert tilberede og servere mat og rydde etter måltid
- aktivitetar: planlegge og delta i aktivitetar som fremjar fysisk og mental helse, som turar, spel og sosialt samvær
- rydde rom: til dømes reie opp senger og ta ut søppel
Kvalifikasjonar
- utdanning innan helse- og sosialfag (eller er under slik utdanning)
- erfaring med pleie- og omsorgsoppgåver (Dette er ein fordel, men ikkje eit krav. Vi tek gjerne imot nye vikarar som ønsker å forsøke slikt arbeid.)
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål.
Godkjent politiattest må leggast fram før tilsetting.
Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden.
Personlege eigenskapar
- tek ansvar for eigne oppgåver og sikrar at dei blir utført på ein god måte
- tilpassar seg ulike situasjonar og behov som kan oppstå i løpet av arbeidsdagen
- kommuniserer klart og tydeleg, både med brukarar, pårørande og kollegaer
- er til å stole på, møter opp til avtalt tid og utfører oppgåvene sine samvitsfullt
- kan handtere utfordrande situasjonar roleg og utan å miste fatninga
- møte brukarar og kollegaer med eit smil og ein positiv haldning, sjølv i krevjande situasjonar
- vilje til å lære nye ting og utvikle seg i jobben
- bidreg til å skape trivsel på arbeidsplassen og godt samarbeid for å løyse oppgåver
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaring.
Vi tilbyr
- godt arbeidsmiljø med fokus på fagkompetanse
- elektroniske kurs frå Norsk helseinformatikk (NHI) og Visma Veilederen som bidrag til opplæring og kompetanseheving
- løn etter gjeldande tariffavtale
- pensjon og forsikringsordning gjennom KLP
Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement.
Aktuelle kandidater vert kalla inn til intervju. Søkarlista kan verte offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Gry Dragsund-Vike, Avdelingsleiar, +47 98075478Arbeidsstad
Sjukeheimsvegen 5B6092 Fosnavåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Herøy kommuneReferansenr.: 4838972724
Stillingsprosent: 12%
Søknadsfrist: 03.09.2024
Om bedriften
Herøy kommune i Møre og Romsdal er perla ytst i storhavet på Sunnmøre. Det er ein og ein halv times reisetid til Ålesund og under ein time til Ørsta-Volda lufthamn. Kommunen har 9000 innbyggjarar og om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen. Næringslivet står sterkt i Herøy og har lange tradisjonar for å skape verdiar frå hav og fiske.
«Ei båtlengd føre» er kommunen sin visjon, og kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. Vi har eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangement for alle. Naturen og kysten vår er vakker, og Runde med det mektige fuglefjellet er den store stoltheita vår!
Sektor
Offentlig
Nettsted
www.heroy.kommune.no
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2704074
- Sist endret
4. september 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
993388079ab644d6abb41937dadcdf10