Portør med utvida oppgåver
Medisinsk avdeling B Haugesund sjukehus, Helse Fonna HF
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Om jobben
Stillingstittel
Portør med utvida oppgåver
Oppstart
17. juni 2024
Type ansettelse
Fast
Arbeidstid
Dagtid
Antall stillinger
1
Er du på jakt etter ein spanande og variert arbeidsplass saman med energiske og dyktige kollegaer?
Då kan du vere rett person for stillinga som portør med utvida oppgåver, som me har ledig i 5. etasje på dagtid.
Hos oss vil du betjene fleire avdelingar: hemato/endo/infeksjonssengepost, nevrologisk sengepost, kreftpoliklinikk, medisinsk poliklinikk, gastro/nyre sengepost, medisinsk observasjonspost og eldremedisin geriatrisk sengepost.
Stillinga er organisert under medisinsk avdeling B, og avdelingsleiar vil vere din næraste leiar.
Me ser fram til å høyre frå deg og ønskjer deg velkommen til å søkje!
Arbeidsoppgåver
- Transportera pasientar til og frå undersøkelsar
- Kjøkkenarbeid
- Ha kontroll på hjelpemidler som rullestolar, preikestolar o.l. i 5.etasje
- Vaske ut av rom ved utreise og klargjere til nye pasientar
- Fylle på i skaper av forbruksmaterial og tøy
- Hente blodprodukt og levera ulike prøvar til laboratoriet
- Delta i forflytning av pasientar
Kvalifikasjonar
- Portør med fagbrev
- Helsefagarbeidar, eller anna relevant helsefaglig utdannelse
- Kjennskap til sykehusdrift er ein fordel
- Må meistre godt norsk, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
Hos oss er det viktig at du:
- er fleksibel
- er initiativrik og lærervillig
- har gode samarbeidsevner, liker å jobbe i eit team
- bidrar til eit positivt og kollegialt godt arbeidsmiljø
- trivst med og meistrar høgt tempo
- er sjølvstendig
Vi tilbyr
- Vi tilbyr ein varierande arbeidskvardag
- Eit godt arbeidsmiljø med fokus på sosialt samspel
- Lønn i samsvar med gjeldande overenskomst
- Dagtid stilling
Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Lise Bruntveit, Avdelingsleiar - medisin avdeling B, +47 99647391Arbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4814718895
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 17.06.2024
Søknadsfrist: 02.06.2024
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
Nettsted
www.helse-fonna.no
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2651486
- Sist endret
3. juni 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
d10463a8218b4b6f8f5d16f3f60a6748