Avdelingsleiar kommunalt arkiv
Interkommunalt arkiv for Møre og Romsdal
Kirkegata 10B, 6004 Ålesund
Om jobben
Stillingstittel
Avdelingsleiar kommunalt arkiv (2. gangs utlysing)
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Om stillinga
Vi ser etter ein trygg og tydeleg mellomleiar med god arkivfagleg kompetanse som har lyst å tre inn i rolla som avdelingsleiar i ei nyoppretta stilling. Avdeling kommunalt arkiv består av 3 faggrupper med 17 medarbeidarar som arbeider med drift og forvaltning av arkiv gjennom rådgiving, ordning og digitisering av arkiv for eigarane og eksterne kundar.
Avdelingsleiaren skal ha delegert personalansvar for medarbeidarane, budsjettansvar for avdelinga, samt fagansvaret i/for dei tre faggruppene. Dette for å sikre god kvalitet på tenestene våre, god flyt og eit godt samarbeidsklima. Avdelingsleiar vil rapportere til dagleg leiar og vere ein del av leiargruppa.
Etter ei omorganisering med verknad frå 01.05.2024 blei det innført eit nytt leiarnivå i organisasjonen med to nye avdelingsleiarar. I tida framover vil vi fortsette med å utvikle og formalisere arbeidet i organisasjonen. I tillegg til dette er vi godt i gang med eit forprosjekt for nytt bygg. Alt dette medfører nye og spennande oppgåver som vi håper du vil vere med å leie.
Arbeidsoppgåvene
- Dagleg ansvar for avdelinga
- Fag-, personal- og økonomiansvar
- Leie og kvalitetssikre drifta og det arkivfaglege arbeidet
- Leie, motivere og følge opp tilsette
- Bistå i utviklinga av team med fokus på tverrfagleg samarbeid og samhandling
- Delta i leiargruppa
Kvalifikasjonar:
Vi søkjer deg som har:
- høgare utdanning innan relevante fagområde for stillinga, til dømes innan arkivfag og leiing. Fortrinnsvis 4-5 års universitet/høgskuleutdanning. Solid og relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
- erfaring innan arkiv- og dokumentasjonsforvaltning.
- god evne til å formidle og kommunisere på norsk, både skriftleg og munnleg.
- god digital forståing og som er ein erfaren IT-brukar.
I tillegg er det ønskeleg at du også har:
- leiarutdanning og leiarerfaring.
- leiarerfaring med personalansvar.
Personlege eigenskapar:
Vi tilbyr:
- Fast stilling som avdelingsleiar
- Arbeid med fagleg utfordrande arbeidsoppgåver
- Pensjonsordning i KLP
- Fleksitidsordning
- Lønn etter avtale
Spørsmål om stillinga?
For nærmare opplysningar eller spørsmål om stillinga, kan du kontakte dagleg leiar, Jesper Sode Hansen på tlf: 920 28 104.
Video om IKAMR
Her får du ein liten smakebit av arbeidet vårt i IKAMR!
Om bedriften
Interkommunalt arkiv for Møre og Romsdal (IKA Møre og Romsdal) er eit interkommunalt selskap eigd av 27 kommunar samt Møre og Romsdal fylkeskommune. IKA Møre og Romsdal forvaltar papirbasert og digitalt arkiv for eigarane. Vi er ein kompetanseinstitusjon innan arkiv, digitisering og dokumenthandtering.
Dei fylkeskommunale tenestene Privatarkiv, FylkesFOTOarkivet og Fylkessenter for digitisering av kulturarven er lagde til IKA Møre og Romsdal.
Selskapet leverer også tenesta personvernombod til dei fleste av eigarane våre. Vi har i dag 28 tilsette, av dei 27 faste. Selskapet har i dag kontor i sentrum av Ålesund.
Sektor
Offentlig
Nettsted