Ferievikarar sektor omsorg helse og sosial
Kvinnherad kommune Sektor omsorg, helse og sosial
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Ferievikarar: Pleiemedarbeidar, miljøarbeidar, vernepleiar, sjukepleiar eller helsefagarbeidar?
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 31. januar
Einingane i sektoren treng ferievikarar sommaren 2025 - frå kring 20.06.25 til 17.08.25. Det vil vera trong for sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, vernepleiarar, pleiemedarbeidarar, kokk og assistentar i institusjonane og heimetenester. For dei fleste stillingane er det turnusarbeid med arbeid kvar 2.helg, kveld/dagvakter og reine nattevakter. Ein vil leggja vekt på at søkjar er fleksibel og har evne til samarbeid. Tidlegare erfaringar innan feltet er positivt, men intern opplæring vil bli gitt. Me ber om at du i søknaden opplyser kva tidspunkt du er til disposisjon, og dine ynskjer for friperiodar. Dei som kan arbeida i meir enn 5 veker vil bli prioritert. Me tilsett sommarvikarar fortløpande, så ver tidleg ute med søknad. Det er størst behov for vikarar frå 1 juli til 17. august, og dei som kan arbeide i denne perioden vert og prioriterte. Søkjarar bør vera over 18 år. Vi ber deg oppgje i prioritert rekkefølgje kva eining du ynskjer å jobba i. Om du allereie har arbeid i ei eining, så tilrår me å søkje i same eining, då det ikkje vert gitt permisjon for å arbeide ferievikar i anna eining. Etter søkjarfrist den 01.02.2025, så vert søkjarar fortløpande vurdert.
Førarkort kl. B er naudsynt for ein del av arbeidsfelta.
I år som i fjor, så vil du vera med i trekkinga av festivalpass på dei ulike festivalane i området om du søkjer og takkar ja til sommarjobb i Kvinnherad kommune.
https://www.buisunnhordland.no/bu-i-sunnhordland/sunnhordlandsfilmen/
Våre arbeidsstader:Husnestunet har 3 sjukeheimsavdelingar fordelt på 2 korttidsavdelingar og demensavdeling. Me har ledige ferievikariat på alle dei 3 sjukeheimsavdelingane og nattevakttenesta for institusjon og heimeteneste i Husnesområdet.
Kontaktperson: Anne Tangen Rørdal
Halsnøytunet treng ferievikarar innanfor følgjande avdeling/område: Korttid- og langtidsavdeling, demensavdeling, og nattevakt
Kontaktperson: Anne Tangen Rørdal
Rosendalstunet har 6 avdelingar fordelt på rehabilitering, korttid, langtid og demensavdeling. Me har ledig ferievikariat på alle avdelingane og nattevakttenesta for institusjonen og heimetenesta i Rosendalsområde.
Kontaktperson: Tone Tufta Gaugstad
Heimetenester har ledig vikariat innan følgjande område: Heimesjukepleie, heimehjelp, BPA og bufellesskap, ordinær turnus og langvakter. Heimetenesta held til i Ølve, i Rosendal, på Husnes og på Halsnøy og har tenester i alle bygdene i kommunen.
Kontaktperson: Ellen Korsvold.
Bu- og habilitering består av bufelleskap i Rosendal, Uskedalen, Herøysundet og på Husnes. Arbeidsoppgåvene er varierte, og omfattar praktisk og personleg hjelp, aktivisering og sosial opplæring i daglege gjeremål med vaksne personar med funksjonshemmingar. Har medlevarturnus og turnus med lange vakter.
Kontaktperson: Hilde Bakkebø.
Rus- og psykiske helsetenester har ledig vikariat som er knytt til oppfølgingstenesta på Husnes og to bufellesskap; Utsikten på Valen og Borgjo i Rosendal. Ordinær turnus, langvakter og medlevarturnus.
Kontaktperson: Linn S. Hellås.
Hovudkjøkkenet Husnestunet treng vikar heile, evt deler av ferien.
Kontaktperson: Finn Ove Solberg.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2810352
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3437477_225945_nn