Sommarjobb - aktivitetsleiarar Open hall
Klepp kommune, Kultur
Bedriftsvegen 4, 4353 Klepp Stasjon
Om jobben
Stillingstittel
Sommarjobb - aktivitetsleiarar Open hall
Oppstart
17. juni 2024
Type ansettelse
Sesong, heltid 100%
Arbeidstid
Vakt, dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Klepp frivilligsentral skal arrangera open hall i sommar. Open hall er eit leikbasert- og idrettsleg gratis lågterskel tilbod for barn og unge og går føre seg i ein idrettshall. Tilbodet vil bli arrangert kvar vekedag på dagtid i fire veker; veke 26, 27, 32 og 33.
Me søker no etter 2 aktivitetsleiar (100 %) i dei 4 aktuelle vekene, samt ei veke før dette til planlegging og førebuing.
Arbeidsoppgåver
Skapa kjekke, varierte fysiske aktivitetar som alle kan delta iOrganisera, setja i gong og leie aktivitet for barn og unge i open hall
Rettleia ungdommar som deltar som hjelpeleiarar.
Samarbeid med prosjektleiar, frivillige og hjelpeleiarar
Vera med i planlegging, gjennomføring og evaluering av aktiviteten
Kvalifikasjonar
Du må minimum vera fylt 19 år, ha gode ferdigheiter i norsk, både munnleg og skriftleg og kunne levera gyldig politiattestMe ønskjer at du har variert erfaring frå idrettsleg- eller leikbasert fysisk aktivitet og helst noko trenar- eller leiarerfaring frå aktivitet for barn og unge.
Førarkort for personbil
Personlege eigenskapar
Me søkjer etter personar som:
Er engasjerte, opne og utadvendt, inkluderande og aktive
har gode evner til samarbeid og kommunikasjon både med barn og vaksne
er ærleg, ansvarsbevisste, sjølvstendige og lojale
Vi tilbyr
God opplæring, oppfølging og rettleiing
Lønn etter tariff
Spanande meiningsfylt arbeid
Nærare opplysingar: prosjektleiar Elise Sofie Høyland tlf. 99314880
Søknadsfrist: 22. mai
Kontaktinformasjon
Ulf Ludvigsen, Kultursjef, +47 99444829Arbeidsstad
Bedriftsvegen 44353 Klepp Stasjon
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Klepp kommuneReferansenr.: 4811388624
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Startdato: 17.06.2024
Sluttdato: 16.08.2024
Søknadsfrist: 22.05.2024
Om bedriften
Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 20 000 innbyggarar og om lag 1700 tilsette. Me ligg ein kort køyretur frå Stavanger og Sandnes.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.
Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt.
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2644981
- Sist endret
23. mai 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
b01d9174521644b79a8f0b45140e5c55