Helsefagarbeidar i 100 % fast stilling
Kviteseid Kommune Lundenjordet
KVITESEIDGATA 13, 3850 Kviteseid, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Vil du vere med på laget vårt? Me er ein super gjeng som har det kjekt saman på jobb. Me ivrar for å gjere det beste for brukarane våre. Me finn og på kjekke ting saman på fritida ein gong iblandt. Bli med oss da vel!
Stillingstittel
Helsefagarbeider
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast
Arbeidstid
Turnus, dagtid, kveld og natt, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Hva vi ser etter
Kvalifikasjonar:
• Fagbrev som helsefagarbeidar/norsk autorisasjon som hjelpepleiar
• Ynskje om relevant vidareutdanning retta mot menneske med utviklingshemming
• Ynskje om erfaring frå arbeid med menneske med utviklingshemming
• Førarkort kl. B
• God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar:
• Ha gode kommunikasjons og samarbeidsevner
• Evne til å ta ansvar, vere sjølvstendig og trygg i tenesterolla
• Være fleksibel, strukturert og løysingsorientert
• Halde deg fagleg oppdatert
• Kreativ og glad i aktivitet
Arbeidsoppgaver
Arbeidsoppgåver:
• Praktisk bistand, opplæring og rettleiing til bebuarar i samsvar med vedtak, lovverk og tiltak
• Skape ein føreseieleg og trygg kvardag for bebuarane
• Rettleiing, undervisning og informasjon til lærlingar, studentar og pårørande.
• Dokumenter i fagsystem
• Primær-/sekundæransvar for ein eller fleire bebuarar
• Tverrfagleg samarbeid
Vi tilbyr
Lundenjordet er eit bufellesskap for menneske med funksjonsvariasjonar i alderen 18 -- 90 år. Det består av 13 faste bustadar og ein avlastningsbustad fordelt på 4 bygg. Avlastningsbustaden er til born i alderen 3 -- 18 år. Vi har vernepleiarar, sjukepleiarar, miljøterapeutar, helsefagarbeidarar/hjelpepleiarar, miljøarbeidarar og assistentar tilsett hjå oss. Lundenjordet ligg midt i smørauget av Kviteseid og har ein fantastisk utsikt til vakre Sundkilen. Det er gåavstand til butikkar, brygga, arbeidsplass og dagsenter for mange av bebuarane.
Om bedriften
Lundenjordet ligg sentralt plassert i vakre Kviteseid kommune. Me har vatnet som nærmaste nabo og finaste utsikt ein kan tenkja seg. Me er eit drivande lag med mange dyktige og engasjerte tilsette. Leiaren vår er ungdommeleg, sporty og tek i eit tak når det stormar litt. Ring ho gjerne om du finn jobben interessant, det vil ho setje stor pris på.
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2656364
- Sist endret
13. juni 2024
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
7e30fc2e-4e33-4072-9bf7-7a35dd011681