Likar du å jobba med barn?
Vindafjord kommune Vågen oppvektsenter
Vågshagen 22, 5582 Ølensvåg, Vindafjord
Om jobben
Stillingstittel
Barne- og ungdomsarbeidar
Type ansettelse
Fast, deltid 80%
Antall stillinger
1
Me søkjer barne-og ungdomsarbeidar i 80% fast stilling frå 17.11.23, det kan vera aktuelt å starta før.
Hovudarbeidsoppgåver:- Oppfølging og rettleiing av elevar med ulike utfordringar i skulekvardagen og på SFO.
- Vera ein synleg og trygg rollemodell for alle elevar
- Må kunne skapa gode relasjonar til elevar, heim og vaksne ved skulen.
- Arbeida sjølvstendig, i team og kunna legge til rette for einskildelevar og heil klasse.
- Arbeida saman med kollegaer på skulen for å lage eit godt læringsmiljø for elevane og arbeidsmiljø for dei vaksne.
- Du tar initiativ til kontakt og er god på å byggje relasjonar.
- Du er ein varm og tydeleg vaksen.
- Me legg stor vekt på personleg eignaheit.
- Variert arbeid i eit positivt miljø
- Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
- God opplæring og samarbeid med andre
- Rabatt på treningssenter
- Bedriftskunstlag
- Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)
Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Andre opplysningar:Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.
Slik søker du:Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2415512
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3218867_238561_nn