Lean-koordinator
Presentasjon av stillingen:
Lean er sentralt i kommunen sitt arbeid med kontinuerleg kvalitetsforbetring som førande prinsipp for utvikling av kommunen sine tenester. Kommunen har tre hovudmålsetjingar med lean-arbeidet: Best mogleg kvalitet på tenester til brukar og innbyggjar, best mogleg arbeidsdag for tilsette, økonomisk gevinst gjennom best mogleg forvaltning av ressursar. Lean som filosofi, metodikk og verktøy har vore nytta i kommunen sidan 2016 og involverer heile organisasjonen gjennom utvikling av ein kultur for kontinuerleg forbetring. Kommunen har organisert leanarbeidet med eit leankoordinatorteam og lean-rådgjevarar som har gjennomgått internopplæring og som gir leiarstøtte i leanprosessar i dei ulike einingane. Me søkjer no etter ein prosjektleiar som kan vidareutvikla og vera pådrivar i lean-arbeidet.
Arbeidsoppgåver
Lean handlar om å laga og levera produkt og tenester med mest mogleg nytteverdi og minst mogleg tap av ressursar, gjennom å fokusera på flyt, oversiktlege prosessar og kontinuerleg forbetring. Lean handlar også om å læra seg å skilja verdiskapande arbeid frå sløsing og gjera det arbeidet som faktisk gir nytteverdi for brukarar og samfunnet.
Lean tvinger leiarar og medarbeidarane til å sjå på sine etablerte arbeidsmåtar. Nye refleksjonar startar indre forandringsprosessar som etterkvart gjev seg utslag i endra haldningar, arbeidsmåtar og dermed kulturen på arbeidsplassen.
Som Lean-koordinator vil du få ansvar for å:
vera pådrivar og leia det strategiske arbeidet med kontinuerleg kvalitetsforbetring
leia kommunen sitt koordinatorteam
koordinera arbeidet med å utvikla og implementera felles prosessar og rutinar
læra opp og veileda leiarar og tilsette i LEAN-tenkemåte, metodikk og verktøy
planleggja og gjennomføra samlingar for lean-rådgjevarar
bidra til overføring av kunnskap mellom ulike einingar/avdelingar
Kvalifikasjonar
Høgare utdanning innan økonomi og/eller logistikk eller anna relevant høgskule/universitetsutdanning Praktisk erfaring med bruk av Lean som arbeidsmetodikk og inngåande kjennskap til Lean som styringsfilosofi Prosjektleiarerfaring Digital kompetanse
Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som har eit sterkt kvalitets- og resultatfokus.
Du jobbar fagleg sjølvstendig og held fokus på framdrift. Du har evne til å begeistra og har kontaktskapande evner som gjer at du byggjer tillit til leiarar, kollegaer, brukarar og samarbeidspartnarar.
Som koordinator arbeider du mykje sjølvstendig, og du må difor vera ein person som tek initiativ og har ein strukturert arbeidsstil. Me ser etter deg som kan halda oversikt over fleire pågående prosjekt og initiativ på ein gong og som har blikk for samanhengar og heilskap.
Vi tilbyr
Stillinga er nyoppretta, og du vil i stor grad kunne vera med å definera stillingsinnhald og organisera eige arbeid. Arbeidet skal organiserast som eit 3-årig prosjekt som skal evaluerast etter 2 år. Som prosjektleiar får du moglegheit for å læra heile organisasjonen å kjenna og å vera med å byggja ein kultur for kontinuerleg forbetring.
Lønn etter avtale Gode pensjons- og forsikringsvilkår
Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad er ein inkluderande arbeidslivsbedrift (IA) og ønskjer å leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta.
Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Kontaktinformasjon
Kari Sagen, HR-sjef, 909 54 046, kari.sagen@kvam.kommune.no
Arbeidsstad
Grovagjelet 16
5600 Norheimsund
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Kvam herad
Referansenummer:4000752997
Stillingsprosent: 100%
Startdato: 18.03.2019
Søknadsfrist: 03.03.2019
Om bedriften
Kvam er inngangsporten frå Bergen for alle som ønskjer å oppleva Hardanger. Berre ein times køyring via Kvamskogen - eit område for aktiv fritid både sommar og vinter, ligg kommunen ved Hardangerfjorden. Me har eit variert næringsliv med jordbruk, industri og handel. Kopla med eit rikt kultur og organisasjonsliv gjev dette eit mangfaldig og levande samfunn for dei 8500 innbyggjarane våre. Me har eit godt utbygd skuletilbod med to vidaregåande skular . Norheimsund er regionsenteret i kommunen og vart i 2013 tildelt <>. Her kan du oppleva <>, handlegate, strandveg og bystrand. Les meir