Ferie/tilkallingsvikarar
Avdeling Dalebu, Haram kommune
Strandgata 40, 6270 Brattvåg
Om jobben
Stillingstittel
Ferie/tilkallingsvikarar
Oppstart
17. juni 2024
Type ansettelse
Feriejobb, deltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Er du student, pensjonist eller berre ønsker eit ekstra oppdrag? Vi søker etter engasjerte og motiverte ferievikarer for sommaren 2024, evt. tilkallingsvikarar til Dalebu. Dalebu samlokaliserte bustader er eit døgnbemanna bu- og omsorgstilbod i Brattvåg. Det er eit tilbod for personar med utfordringar innan psykisk helse og rus. Det er 11 bueiningar knytt til Dalebu, samt at ein også gir tenester til andre busett i omliggande områder. Målsettinga er å bidra til at personar i målgruppa opplever mestring i eige liv, utifrå sine føresetnader.
Kommunalområde Livsløp består av fleire tenester som gir ulike tilbod til innbyggarane i kommunen: koordinering og tildeling, helsestasjon, ressurbasen, barnevern, pedagogisk fagsenter, integrering, NAV, samt psykisk helse og rus. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt.
Vår viktigaste ressurs er våre tilsette og vi ynskjer å vere ein arbeidsplass der ein oppleve trivsel, utvikling og meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.
I Haram kommune er gode, heilskaplege tenester i fokus. Vi er opptatt av å jobbe på tvers av tenestene, for å saman skape robuste tilbod for innbyggarar og næringsliv.
Arbeidsoppgåver
Brukargruppa er variert i alder og oppgåvene vil variere ut frå behov, t.d:
- Støtte og rettleiing i daglegdagse gjeremål
- Støtte og rettleiing i utvikling av sosiale ferdigheter
- Bidra til å sikre ein trygg kvardag med meiningsfylte aktivitetar
- Samhandling med andre ved behov
Kvalifikasjonar
- Ingen krav om formell kompetanse, men ønskeleg med helse eller sosialfagleg bakgrunn
- Gjerne erfaring frå liknande arbeid
- Må vere over 18 år og ha førarkort
- Gyldig politiattest
- Nødvendig opplæring vil bli gitt
Personlege eigenskapar
- Stabil og motivert
- Fleksibel og løysingsorientert
- Tolmodig og omsorgsfull
Vi tilbyr
- Spanande og givande arbeidsoppgåver
- Løn etter avtale
Kontaktinformasjon
Laila Grytten, Tenesteleiar, 41248725, laila.grytten@haram.kommune.noArbeidsstad
Strandgata 406270 Brattvåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommuneReferansenr.: 4794283889
Stillingsprosent: 0%
Sommarjobb
Startdato: 17.06.2024
Sluttdato: 31.08.2024
Søknadsfrist: 03.05.2024
Om bedriften
Etter vedtak i Stortinget 14. juni 2022 er Haram frå 1. januar 2024 eigen kommune, med dei grensene som var før samanslåinga med Ålesund
Kommunen har omlag 9300 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.
Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.
Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2618933
- Sist endret
4. mai 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
a2ff6d6a1b5e4cb0a76f60b1da474d08