29,58% helgestilling ved Mjøstølen avlastningsbustad
Ullensvang kommune Tenester for funksjonshemma
Opheimsgata 31, 5750 Odda, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Annet, deltid 29%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 22. desember
På Mjøstølen avlastningsbustad yter me tenester til familiar med barn med særskilte behov. Vi yter også tenester til vaksne med særskilte behov.
Vi er opptekne av at barna og familiane skal oppleve tryggleik når barnet er hjå oss. Arbeidet innebærer å skape gode og trygge rammer for barna, støtte dei i kvardagslege aktivitetar og leik, samt følge opp individuelle behov og samarbeid med pårørande og andre instansar. Vi arbeider etter målretta miljøarbeid, og følger individuelle tiltak og prosedyrar i arbeidet.
Vi søker primært etter deg med erfaring frå brukargruppa og eit ønske om å gjere ein skilnad for brukargruppa vår, men høyrer gjerne frå deg som har anna bakgrunn og erfaring.
Stillinga har pr.d.d. arbeid med ettermiddagsvakt fredag og langvakter lørdag og søndag tredjekvar helg.
Hovudarbeidsoppgåver
Målretta miljøarbeid; følge aktive prosedyrar og tiltak
Samarbeid med skule, spesialisthelsetenesta og pårørande
Hente og levere ved dagtilbod
Følge opp individuelle behov og ønske om aktivitet
Gi støtte og motivere til rutiner, leik og aktivitet
Legemiddelhandtering
Bidra til eit godt arbeidsmiljø
● har erfaring frå målretta miljøarbeid og målgruppa
● har erfaring med vedtak etter kap 9
● har gode samarbeidsevner, er fleksibel og positiv
● likar å vere i fysisk aktivitet
● er stabil og personleg skikka til stillinga
● meistrar norsk skriftleg og munnleg
Vi kan tilby
● Ein fagleg krevjande, spennande og lærerik jobb
● Opplæring og rettleiing
● Dyktige, hyggelige og løysingsorienterte kollegaer
● Lønn etter hovudtariffavtalen
● Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen
● Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA) og gode permisjons- og pensjonsvilkår.
Krav:
Politiattest
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2805435
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3436885_193155_nn