Ferievikarar 2025 for jordmødre, sjukepleiarar og helsefagarbeidarar
KK FSS Føde/ Gyn /Barsel Sengepost, Helse Førde
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Ferievikarar 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 5. januar
Kvinneklinikken er ei kombinert føde/barsel og gynekologisk avdeling med ca 800 fødslar i året.
Avdelinga består av observasjonspost for gravide,føde/barselavdeling, fødepoliklinikk, samtalepoliklinikk og ammepoliklinikk. Avdelinga tilbyr følgetjeneste til dei gravide med lang reiseveg og ved overflytting til Haukeland.
Vi har også gynekologiske pasientar innlagt i avdelinga med diverse kvinnesjukdommar og pre- og postoperativ pleie.
Sommarferien blir avvikla i perioden 23.06.2025 - 17.08.2025. Det er tredelt turnus og du må vere førebudd på å arbeide annakvar helg.
Det vil bli gitt opplæring.
Søkarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg.
Arbeidsoppgåver
- Delta i arbeid med kvinna/paret i samband med fødselen og barseltida
- Legge til rette for amming og stell av barnet
- Førefallande oppgåver som vask/opprydding og å halde orden i avdelinga
- Delta i stell og behandling av gynekologiske pasientar
Kvalifikasjonar
- Praksis frå tilsvarande avdeling er ønskjeleg, men også anna sjukepleiepraksis
- Offentleg godkjenning som jordmor, sjukepleiar eller hjelpepleiar/helsefagarbeidar
- Både sjukepleiarstudentar og legestudentar kan søkje
- Gode kunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Utadvendt
- Strukturert
- Pasientorientert
- Arbeidsam
- Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
- Samarbeidsvillig
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Kristin Opseth Rygg, Seksjonsleiar, 57839688, kristin.opseth.rygg@helse-forde.noBeathe Salbu Håkonsen, Einingsleiar, 57839588, beathe.salbu.håkonsen@helse-forde.no
Cecilie Kvamme Berge, Einingsleiar, 57839588, cecilie.kvamme.berge@helse-forde.no
Arbeidsstad
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 4887883555
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 05.01.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2795653
- Hentet fra
talentech
- Referanse
a08895fe3c4e4d70a8259123ca6f1419