Vil du vere med å utvikle vår satsing på barn, unge og familiar?
Fjaler kommune Helsestasjonen
Fjaler helsetun, 6963 Dale i Sunnfjord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Vi søkjer helsesjukepleiar i 100 % fast stilling
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 5. januar
Fjaler kommune har ledig 100 % stilling som helsesjukepleiar. Fjaler helsestasjon har 3 helsesjukepleiarar fordelt på 2,7 årsverk i tillegg til jordmor og lege. Helsestasjonen ligg under helsetenesta saman med legekontoret, fysio- og ergo og psykisk helse. Vi flyttar om kort tid over i nye lokaler og vert samlokalisert med legekontor og psykisk helseteneste.
Frå 01.01.25 opprettar vi også ei ny eining i helsetenesta, Barn, unge og familiar. I tett samarbeid og på tvers av eksisterande fagområde vil vi skape arenaer der vi kan kome tidleg inn for å kartlegge og iverksette tiltak. Vi er i gang med å implementere verktøyet BTI (Betre tverrfagleg innsats). Helsesjukepleiarane har ei sentral rolle inn i dette arbeidet.
Vi søkjer ny medarbeidar, der følgjande arbeidsoppgåver kan inngå:
- Oppgåver i helsestasjon 0-5 år, skulehelseteneste og helsestasjon for ungdom som skissert nasjonale retningslinjer for helsestasjon og skulehelseteneste
- Direkte arbeid med born og ungdom og deira familiar
- Foreldrerettleiing
- Fokus på tverrfagleg samarbeid og tidleg innsats
Kvalifikasjonar:
- Offentleg godkjent helsesjukepleiar
- Sjukepleiar under utdanning til helsesjukepleiar eller som ønskjer å ta utdanning som helsesjukepleiar, kan også søke
- Den som vert tilsett må legge fram politi- og tuberkulinattest før tiltreding
- Førarkort klasse B
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Omgjengeleg, sjølvstendig, strukturert og fagleg engasjert
- Evne til å arbeide målretta og sjølvstendig så vel som i team
Vi tilbyr:
- Lønn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein meiningsfull arbeidskvardag saman med trivelege kollegaer
- Varierte og utfordrande oppgåver i arbeid med born, unge og deira familiar
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2807261
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3437395_181513_nn