2 stilingar à 100% som barne- og ungdomsarbeidar ved Eitrheimsvågen barnehage
Ullensvang kommune Eitrheimsvågen barnehage
Opheimsgata 31, 5750 Odda
Om jobben
Type ansettelse
Annet, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Eitrheimsvågen barnehage
Eitrheimsvågen barnehage har 114 plassar fordelt på 6 avdelingar. Barnehagen ligg på Eitrheim i Odda og har fine naturområder i nærleiken som barnehagen kan nytta seg av. Vi har og eit stort uteareal til leik og flotte aktivitetar.
Barnehagen jobbar med å skape eit inkluderande barnehagemiljø. Vi ynskjer å laga trygge kvardagar for små og store gjennom relasjonsbygging i dei daglege aktivitetane og skapa gode rom for leik og vennskap.
Ynskjer du å komme som nytilflyttar til kommunen?
Kom og jobb hos oss!
Ønska Kvalifikasjonar og Kompetanse
Interesse for faget og barnehage
Evne til å arbeida målretta og systematisk.
Evne til å arbeide sjølvstendig og i team.
Fagbrev som barne-og ungdomsarbeidar, samt erfaring frå barnehage vert vektlagt
Utvikla og gjennomføra det pedagogiske arbeidet på avdelinga.
Barne-og ungd./ass har medansvar for tilrettelegging av omsorg, aktivitet og leik for barn/barnegruppe.
Dokumentera, observera og være med å vurdera det pedagogiske arbeidet på avdelinga.
Medverke til eit godt og inkluderande arbeidsmiljø som legg vekt på å gjere kvarandre gode.
Systematisk og målretta arbeid i tråd med barnehageloven og rammeplan for barnehage.
Medverke i utviklingsarbeid inkluderande barnehagemiljø.
Personlege eigenskaper:
Evne til å bygga gode relasjonar med barna
Autoritativ; varm og tydeleg voksenstil
Løysningsorientert
Fleksibel med evne til å arbeide strukturert
Godt humør og positiv innstilling
Evne til god kommunikasjon
Fokus på kvalitet i tenesta
Vi kan tilby:
Eit interessant og godt arbeidsmiljø som legg vekt på inkludering, deling og samarbeid.
Løn etter hovedtariffavtalen.
Kommunen arbeider med gode lønns- og rekrutteringsavtaler som skal vere interessante og konkurransedyktige.
Høve for kompetanseheving med støtte frå kommunen.
Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.
Krav:
Politiattest; ikkje eldre enn tre månadar
Norsk kompetanse tilsvarende nivå B2
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2732547
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3397517_193981_nn