Reinhaldar - 60 % fast stilling
Org.nr.: 964967458 Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Solund er eit øyrike ytst i Sognefjorden som dei siste åra har vi opplevd positiv folketalsauke. Vi har eit godt utvikla tenestertilbod i kommunesenteret Hardbakke med skule, barnehage, butikksenter og gode kommunikasjonar til fastlandet. Solund er eit eldorado for friluftsaktivitetar på sjø og land, til dømes kajakkpadling og fotturar.
Vi har ledig fast stilling som reinhaldar i 60 % stillingsstorleik. Arbeidsoppgåver er dagleg vask av idrettsbygget etter reinhaldsplan. Det er ope basseng frå oktober til april, og reinhald av bassengområdet inngår i stillinga.
Kvalifikasjonar:
• har relevant arbeidserfaring
• ønskjeleg med fagbrev som reinhaldar
Personlege eigenskapar:
Vi ønskjer ein person som er ansvarleg, sjølvstendig, løysingsorientert og fleksibel.
Vi tilbyr:
-Løn etter tariff
-God pensjonsordning i KLP
Tilsetjing elles i tråd med HTA. Løns- og arbeidsvilkår er i h.h.t. gjeldande lov, reglement og avtaleverk. Prøvetid med 6 månader.
Godkjent politiattest må leggjast fram før oppstart i stillinga.
Attestar og vitnemål må leggjast fram i samband med intervju.
Solund kommune nyttar elektronisk søknadssystem. For å søkje på stilling hjå oss, må du opprette eigen brukaridentitet og passord i EasyCruit. Søknadar som ikkje vert levert elektronisk vert ikkje vurdert vidare i prosessen.
Offentleg søkjarliste
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg informasjon. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.
Velkomen som søkjar!
Solund kommune har vurdert marknadsføring av stillinga, og ynskjer berre kontakt med søkjarar. Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Øystein Bolset Strand, Tlf: +47 57786235, Epost: oystein.bolset.strand@solund.kommune.no
Om bedriften
Solund er eit øyrike ytst i Sognefjorden. Folketalet aukar og vi er no om lag 830 innbyggjarar. Vi har gode kommunikasjonar til fastlandet, inkl. hurtigbåt til Bergen.
Sjøen er ein del av både sjela og landskapet i Solund. Aktivitetar knytt til sjøen er mange og rett utanfor døra, enten det er båtliv, kajakkpadling eller fiske. På nybygde Solund Idrettspark finn du kunstgrasbane, friidrettsanlegg, skatepark, discgolfbane og klatreanlegg. Vi har òg idrettshall med symjebasseng, eit aktivt skyttarlag, kulturskule og mykje meir. Merka turstiar finn du rundt om i heile kommunen.
I Solund investerer vi for framtida. I løpet av dei neste åra skal vi bygge ny ungdomsskule og nye omsorgsbustadar, binde saman kommunen ved å realisere Ytre Steinsund bru og fortsette utbygginga av breiband. I løpet av 2019 vil om lag 90% av innbyggjarane ha tilgang til breiband.
Klikk på lenken for å sjå ei film om det flotte øyriket vårt: http://www.youtube.com/watch?v=E3RbqQhfrQQ