Journalist i P3nyheter
Org. nr: - Stillingsident: 4388091035 Presentasjon av stillingen:
Me treng vikar som journalist i NRK P3nyheter fram til nyttår.
Me søkjer etter ein medviten og kreativ formidlar av nyheiter til unge på sosiale media og radio.
Arbeidsoppgåver
NRK P3nyheter er ein av dei viktigaste nyheitsformidlarane til unge i Noreg. Redaksjonen leverer nyheiter tilpassa målgruppa til NRK P3 på radio og til NRK nyheter på Instagram. Der har me nær 250.000 følgjarar.
Me fortel om det som skjer og engasjerer unge i deira kvardag og framtid. Språk og form er på unge sine premissar.
Kvalifikasjonar
- Du må vera utdanna journalist eller ha tilsvarande erfaring
- Du må vera god i norsk munnleg og skriftleg
- Du må ha god etisk kompetanse og ryggrad.
- Du må vera god til å fortelja historiar på SoMe
- Det er ein fordel om du har eit godt nettverk i ung målgruppe
Personlege eigenskapar
- Me ønsker ein nysgjerrig og kreativ medarbeidar
- Du må takla høgt arbeidstempo og jobbing i turnus
- Du må lika å samarbeida om saker og oppgåver med andre
Me tilbyr
Du får jobba i eit ungt kreativt miljø som driv utvikling og formidling av nyheiter til unge. Du blir også ein del av det største nyheitsmiljøet i NRK utanfor Marienlyst.
Kontaktinformasjon
Anniken Sande Krøvel, Prosjektleiar P3nyheter, 92814181
Kristian Hovstad, Faggruppeleiar Nyheiter, 48075243
Arbeidsstad
Otto Nielsens veg 2
7052 Trondheim
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:NRK
Referansenr.:4388091035
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 02.08.2021
Sluttdato: 02.01.2022
Søknadsfrist: 21.05.2021
Om bedriften
NRK skal styrke demokratiet og samle og engasjere alle som bur i Noreg. Dei grunnleggande verdiane våre er å vere opne, modige og truverdige. For at vi skal lykkast med det omfattande oppdraget vi har fått som allmennkringkastar, treng vi medarbeidarar med forskjellig erfaring og bakgrunn.
Vil du jobbe saman med oss for å skape godt og viktig innhald som treffer alle som bur i landet vårt?
NRK er omfatta av Offentleglova sine paragrafar om rett til innsyn i søkjarlister. Søkjar må grunngje eventuelt ønske om unntak. Dersom unntak ikkje blir akseptert, vil søkjar bli varsla og kan eventuelt trekkje søknaden.