Sjukepleiar natt og kanskje dag?
Vindafjord kommune Omsorgssenter
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar natt
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest i overmorgen
Me søker:
Sjukepleiar til 80- 100% fast stilling på natt ved Vindafjordtunet eller Ølen omsorgssenter.
Du kan velje om du ønskjer rein nattevaktsstilling, todelt eller tredelt turnus! Alt etter kva som passar for deg:)
Hovudarbeidsoppgåver:
- Bidra direkte til å gi bebuarane våre gode tenester når dei treng det.
- Sjukepleiefaglege oppgåver ; kartlegging (NEWS bla), oppfølging, pleieplan, tiltak, medisiner, pårørandekontakt, legekontakt.
- Rettleiing og tverrfagleg samarbeid.
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø og kontinuerlig utvikling av tenestene våre.
Kvalifikasjonar:
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
- God IKT kompetanse og erfaring med elektronisk pasientjournal.
- Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar.
- Førarkort
Personlege eigenskapar:
- Du vil yte gode tenester i eldreomsorga.
- Har eit ynskje om å arbeide med menneske som har komplekse og varierande hjelpebehov.
- Har interesse for faget og held deg oppdatert.
- Positiv bidragsytar i arbeidsmiljøet, med bevissthet rundt korleis du sjølv påverkar kollegaene dine sin arbeidskvardag (natta :)).
- Du søker heile tida etter forbetringar for både bebuarar og personell- er løysingsorientert.
- Du set i gong tiltak der det er naudsynt og i samarbeid med andre.
- Evne til å arbeide sjølvstendig, systematisk og målretta.
- Du trives med til tider hektiske arbeidsnetter og dagar.
- Du er framoverlent og leiatar etter gode tiltak for å gi gode tenester til bebuarane på natt og dag.
- Du er fleksibel og ser nytte av å arbeide på tvers av avdelingane på natt og dag.
- Du set pris på og arbeidar for eit godt miljø og stort samarbeidsklima der alle vert høyrt og respektert.
- Personlege eigenskaper vert vektlagt
Me kan tilby:
- Variert arbeid i eit positivt miljø
- Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
- God opplæring og samarbeid med andre
- Rabatt på treningssenter
- Bedriftskunstlag
- Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)
Lønsvilkår:
Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Andre opplysningar:
Vindafjordtunet bidrar med tenester på 3 avdelingar: demensomsorga med sør og Nord samt Somatisk langtid. Sør er fordelt på 2 grupper medan nord er fordelt på 3 grupper., til saman 32 sengeplasser. Somatisk langtid ligg i sentrum av Vindafjordtunet og har 14 sengeplasser..
Ølen omsorgssenter består av to avdelingar: Korttid/ rehabiitering med 13 plasser og Somatisk langtid med 14 plasser.
Natt på begge institusjonane har og teneste i nattpatruljen i bygdane rundt.
Som sjukepleiar på natt kan du arbeide på alle avdelingar samt i nattpatruljen som og er ein del av natt. Du har og brannvernansvaret på huset.
På dagtid er du med i det som skal bli meir eit sjukepleiar team- her er me under utarbeiding. Du kan arbeide på tvers av avdelingane og ser kva som skal vreta gjort og set i gong tiltak med naudsynt samarbeid.
Vindafjordtunet og Ølen omsorgssenter arbeidar for heilhetlege tenester og ser verdien av rett kompetanse på rett plass og til rett tid!
Me har årsturnus på Vindafjordtunet frå februar 24- februar 25 og kalenderplan på 26 veker ved Ølen Omsorgssenter
Hjå oss vil me ha det høgt under taket med kort veg til engasjerte leiarar for dine idear. Du kan og sjekke vår Facebookside til å bli litt betre kjent med oss.
Me ønskjer at våre medarbeidarar skal ha muligheit for utvikling innan fag og interesse, at dei skal ha eit arbeid som motiverar og engasjerar. Me søker kompetansemidlar slik at du har muligheit for kompetanseutvikling.
Ikkje nøl med å ta kontakt om du har spørsmål. Me er i utvikling og ynskjer å høyre frå deg som vil gjere ein forskjell i geriatrien.
Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2645144
- Sist endret
7. mai 2024
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3346731_229835_nn