Sjukepleiar 68% fast stilling på natt
Nye Luranetunet vart opna i november 2017 og rommar 2 korttidsavdelingar, 7 langtidsavdelingar, dagsenter, ressurssenter, base for heimetenester og serviceavdelingar. Vi har og ein ny og flott innebygt tropehage på 1300 m2 kor temperaturen er behageleg heile året. Her føregår det diverse aktivitetar både på dag og kveldstid og det er ein god stad å vere for både bebuarar, pårørande og tilsette. Sjå heimesida vår for meir informasjon: oskommune.no eller Luranetunet sin facebook side.
Nye Luranetunet vart opna i november 2017 og rommar 2 korttidsavdelingar, 7 langtidsavdelingar, dagsenter, ressurssenter, base for heimetenester og serviceavdelingar. Vi har og ein ny og flott innebygt tropehage på 1300 m2 kor temperaturen er behageleg heile året. Her føregår det diverse aktivitetar både på dag og kveldstid og det er ein god stad å vere for både bebuarar, pårørande og tilsette. Sjå heimesida vår for meir informasjon: oskommune.no eller Luranetunet sin facebook side.
Vi har ledig 68 % fast stilling på natt på vaktlag 3
Har du lyst til å jobbe på natt med gode kollegaer er dette stillinga for deg.
Nattevaktene på Luranetunet går i arbeidslag som består av tre eller fire nattevakter. Det er fire arbeidslag på natt og dei består av sjukepleiarar og helsefagarbeidarar. Med fleire vaktlag har du alltid ein annnan sjukepleiar du kan ha dialog med dersom du treng det. I tillegg har heimebasert omsorg to sjukepleiarar på natt med base på Luranetunet. Vi har god teknologi der ein enkelt kan kontakte kollega i eit anna nattevaktslag. Nattevaktene får tillegg på årsløna; kr. 30.000,-
Arbeidsstad
Pleie- og omsorgstenesta, Luranetunet v/nattevaktslag 3
Arbeidsoppgåver som ligg til stillinga
- Utøva klinisk sjukepleie som sikrar kvalitet og at brukarane sine rettar vert teken i vare
- Delta i utarbeiding av gode system og rutinar på natt
- Dokumentera helsehjelp i Profil
- Samarbeide med og rettleie yrkesgrupper innan eige fagområde
- Samarbeida med brukarar, pårørande, og andre helsetenester
- Ansvarleg for å halda seg fagleg oppdatert.
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Du er løysningsfokusert og har god kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Du er roleg og trygg
- Det er ønskjeleg at du har erfaring og kompetanse innan demens
- Utdanning frå utlandet - godkjenning av NOKUT
- Søkjarar utanfor Norden må dokumentera bestått "Bergenstesten" (test i norsk- høgare nivå)
- Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Vi tilbyr
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale.
Tillegg i årsløn for natt: kr. 30.000,-
Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.
Vi ser fram til å høyra frå deg !
Slik søkjer du
Klikk på "søk på stilling" og følg vidare instruksjonar.
Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.
Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registere seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen "Glemt brukernavn/passord" eller ta kontakt med Personalavdelinga.
Om bedriften
Os kommune ligg sør på Bergenshalvøya, der kyst- og fjordlandskapet møtest. Kommunen kan by på dei vakraste natur- og kulturopplevingar, og elles dei fleste tenester både fastbuande og tilreisande har bruk for. Os er ein inspirerande kommune med stor vekst og utvikling. Vi treng medarbeidarar som meiner entusiasme inspirerer, som lyttar med respekt, gjer det dei seier og skaper resultat.