Assistent/fagarbeidar
Assistent/fagarbeidar 200 % fast stilling i Rauland barnehage fom 13.08.20 - ID 1761
Assistent/fagarbeidar inntil 100 % vikariat i Rauland barnehage, stillinga kan bli fast, fom 13.08.20 -- 01.08.21 - ID 1762
Søknadsfrist: 24.04.20
Me legg vekt på fylgjande kvalifikasjonar og eigenskapar:
Det er ein fordel om du har fagbrev i barne -- og ungdomsarbeidar faget, eller anna relevant erfaring.
Det er ynskjeleg med erfaring frå liknande arbeid.
Me kan tilby:
- Mykje humor og gode kollegaer
- Ein barnehage som har fokus på vaksenrolla -- det er dei vaksne det kjem ann på
- Ein barnehage som jobbar aktivt med tema inkluderande barnehage og skulemiljø
- Ein barnehage som har fokus på å heve kompetansen til alle tilsette innan satsingsområda til kommunen og barnehagen
- 5 planleggingsdagar i året.
- Løn etter avtale
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Hjelp til å skaffe rimeleg husvære
- Gode barnehagetilbod
I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Nærare opplysningar om stillinga Heidi Rønningen, heidi.ronningen@vinje.kommune.no
Søknad skal sendast på elektronisk skjema