Informasjonssikkerheitsrådgivar i Fellesadministrasjonen
Jobbnorge ID: 194882
Om stillinga
Høgskulen i Volda har ledig eit engasjement i heil stilling i Fellesadministrasjonen med arbeidsoppgåver innan informasjonssikkerheit. Stillinga er ledig omgåande og har ei varigheit på eit år. Stillinga er knytt til IT og har IT-sjef som næraste overordna.
Kvalifikasjonar
Den som blir tilsett må ha relevant høgare utdanning, normalt på masternivå, men ein vil og vurdere søkjarar med bachelorgrad. Omfattande og relevant praksis og/eller relevant tilleggsutdanning kan i særskilde tilfelle kompensere kravet om formell utdanning.
For tilsetting i stilling som rådgivar er det normalt krav om relevant høgare utdanning på masternivå. Det kan bli vurdert om ein kan tilsette i seniorkonsulentstilling.
Erfaring frå og kunnskap om fagfelta informasjonssikkerheit og personvern.
Erfaring med arbeid med risikovurderingar og risikostyring innan informasjonssikkerheit.
Må ha erfaring med leiingssystem for informasjonssikkerheit og risikostyring. Det er ønskeleg med erfaring frå ISO/IEC 27001, og frå offentleg verksemd.
Må ha god forståing for IT-tekniske sikringstiltak og IT-arkitektur.
Forståing for dei juridiske krava for informasjonssikkerheit og personvern.
Ved vurdering av søkjarane vil det bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar, som evne til å arbeide sjølvstendig, ha god samarbeidsevne, vere utviklingsorientert, nøyaktig, strukturert og ha gjennomføringskompetanse.
Søkjaren må ha gode norsk- og engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. Administrasjonsspråket ved høgskulen er norsk.
Arbeidsoppgåver
Vidareutvikle høgskulen sin sikkerheitsstrategi og styringssystem for informasjonssikkerheit
Gjennomføre risiko- og sårbarheitsanalysar
Vidareutvikle planverk for IKT-kriseberedskap
Bidra til at Høgskulen følgjer lovverk innan informasjonssikkerheit og personvern
Følge opp avvik knytt til informasjonssikkerheit
Kommunisere sikkerheitsrelaterte krav, retningsliner og avgjerder til organisasjonen
Haldningsskapande arbeid knytt til informasjonssikkerheit
Oppdatere seg på gjeldande trusselbilde
Arbeidsoppgåvene kan verte endra.
Vi tilbyr
Eit spanande arbeidsmiljø med høve til fagleg og personleg utvikling og gode pensjonsordningar.
Løn etter kompetanse og kvalifikasjonar i statens lønsregulativ med normal årsløn i desse stillingskodene ved Høgskulen i Volda: rådgivar 1434 frå kr 479 600 - 605 500 / overingeniør 1087 frå kr 488 000 - 615 900, seniorkonsulent 1363 frå kr 488 000 - 523 200.
Generell informasjon
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Høgskulen praktiserer moderat kjønnskvotering. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke, uavhengig av for eksempel alder, kjønn, funksjonsnedsettelse, hol i CV, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi gjer søkjarar som oppgir at dei har nedsett funksjonsevne eller hol i CV merksam på at denne opplysinga kan verte brukt til statistikkføremål knytt til regjeringa sin inkluderingsdugnad.
Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.
Aktuelle kandidatar vert innkalla til intervju. Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.
I samsvar med Offentleglovas § 25 kan søkjar be om å ikkje bli oppført på offentleg søkjarliste. Søkjarar som ønskjer å reservere seg, må under «søknad» hake av for «Er det grunnlag for å bli unntatt offentligheit, jfr. Offentlighetsloven» samt grunngi søknaden. Høgskulen kan likevel avgjere at namnet på søkjaren skal offentleggjerast. Søkjaren blir varsla dersom ønsket om unntak ikkje blir tatt til følge.
Om søknaden
Søknad og all dokumentasjon skal sendast elektronisk igjennom rekrutteringssystemet Jobbnorge der du registrerer søknaden, vedlegg og informasjon om utdanning og arbeidserfaring. Vi ber også om at du oppgir referansar med kontaktinformasjon. Søknaden skal gi eit fullstendig oversyn over utdanning og tidlegare praksis. Søknader eller vedlegg kan ikkje sendast på e-post eller i vanleg postgang til høgskulen.
Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle dokument/filer er lasta opp innan søknadsfristen. Søknaden vert vurdert med den informasjonen som ligg føre elektronisk i Jobbnorge. Vedlegg skal lastast opp som separate filer i eit format som kan leggjast ved elektronisk; PDF, PMG, JPEG, ODF, DOC. Dersom vedlegga samla overstig 30 MB, må dei komprimerast før dei vert lasta opp. Vedlegga skal ha namn som samsvarar med innhaldet i fila.
Følgjande dokument/filer skal leggjast ved den elektroniske søknaden:
- vitnemål og attestar
- CV
Kontakt
Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til IT-sjef, Stig Flåskjer 70 07 51 67 / 908 26 198 eller personalsjef Randi Urke 70 07 50 50/ 41 10 10 24.
Kva er det beste med Volda?
Studentar og bygdefolk fortel kva dei synest er det beste med Volda. Produksjon: Chris-Håvard Berge
Video: https://www.youtube.com/watch?v=61Me2JOrMgQ
Se annonsen og søk på stillingen www.jobbnorge.no
Om bedriften
Høgskulen i Volda er høgskulen for humaniora og samfunnsvitskap i Møre og Romsdal. Vi er ein spennande kompetanseorganisasjon i vekst med om lag 4500 studentar og 350 tilsette. Vi gjev undervisning i ei rekkje fagområde, yrkesretta utdanningar og etter- og vidareutdanningar i nært samarbeid med samfunns- og næringsliv. Høgskulen i Volda driv mykje forsking og utviklingsarbeid og satsar på forskaropplæring og kompetanseoppbygging for dei tilsette i samarbeid med universitet i inn- og utland.