Lærarstillingar faste og vikariat frå 01.08.2024
Tokke Kommune Sentraladministrasjon
Storvegen 60, 3880 Dalen
Om jobben
Stillingstittel
Lærer
Oppstart
1. august 2024
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
5
LÆRARSTILLINGAR
Tokke kommune har ledige lærarstillingar, vikariat og mogleg fast, frå 01.08.24.
Tokke kommune har sett fokus på fagleg utvikling, med ulike pedagogiske innfallsvinklar.
Skulane i Tokke er opptekne av å vera ein inkluderande skule for alle, og ha eit godt skulemiljø med mange aktivitetar for elevane.
Kollektiv kompetanseutvikling står sentralt, no nyttar ein to timar kvar veke av den bundne tida til fagutvikling.
Tokke kommune har to skular. Tokke skule som ligg i Dalen, og Høydalsmo skule som ligg i Høydalsmo. Kommunen tilbyr gratis SFO for alle elevar i småskulen.
Tokke skule:
1-10 skule med 165 elevar og om lag 23 årsverk for pedagogisk personale.
På skulen arbeider vi kontinuerlig med å skape best mogleg lærings -- og utviklingsmiljø der elevane skal oppleve meistring og tryggleik. For å få til dette er vi oppteken av klasseleiing med tydelege vaksne, gode relasjonar, samt fokus på tidleg innsats og tilpassa undervisning.
Tokke skule har uteskule annan kvar fredag for 1 til 7. klasse.
++Det er ynskjeleg med undervisningskompetanse i:++
Kompetanse og erfaring med undervisning i 1. -- 10. klasse, samt kontaktlærar frå 5. til 10. klasse.
Fagynskje; Engelsk, norsk, matematikk, tysk og musikk.
Det er også ønskjeleg med ekstra kompetanse innan IKT.
Ynskjer ein meir informasjon kan ein ta kontakt med rektor, Per- Arthur Romberg Hanssen på e-post: Per-arthur.romberg.hanssen@tokke.kommune.no eller
mob. 992 66 465
Høydalsmo skule:
1-10 skule med 65 elevar og om lag 13 årsverk for pedagogisk personale. Skulen ligg i flotte omgivelsar og naturen blir bruka aktivt i undervisninga. Me har eit godt arbeidsmiljø og ei fin elevgruppe. Skulen arbeider for eit trygt, godt og inkluderande skule- og læringsmiljø, der elevane skal oppleve meistring og trivsel. Det er fokus på tilpassa opplæring og tidleg innsats. Arbeid med implementering av ny læreplan har stort fokus i utviklingsarbeidet vårt.
++Det er ynskjeleg med undervisningskompetanse i:++
Kompetanse og erfaring med undervisning i 1. -- 10. klasse.
Ynskjer ein meir informasjon kan ein ta kontakt med rektor, Dordi Didriksen, e-post: dordid@tokke.kommune.no eller mob.: 922 16 608
Personlege eigeskapar:
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Være engasjert, fleksibel, reflektert og tydeleg
- Ha evne til å sjå positivt på nye utfordringer
- Være ansvarsbevisst og sjølvstendig
Me kan tilby:
- Utfordrande arbeidsoppgåver i ein service- og utviklingsorientert etat
- Ein spanande og variert kvardag saman med flotte born og dyktige medarbeidarar
- Eit godt arbeidsmiljø
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.
Blir det fleire ledige stillingar fram til nytt skuleår, vil ein nytte same søkjarliste.
Vi i Tokke kommune er oppteken av mangfald, og oppfordrar difor alle som er kvalifisert til å søkje, uansett alder, kjønn, funksjonshemming og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Dei som vert tilsett, må leggje fram politiattest, før ein kan ta til i jobben.
I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Søknad vert å sende på elektronisk skjema, sjå www.tokke.kommune.no
Søknadsfrist: 10. mars 2024
Velkomen som søkjar!
Om bedriften
Tokke er ein av seks kommunar i Vest-Telemark. Kommunen har i underkant av 2200 innbyggjarar. Vi har mange aktive bygder og grender, med kvar sine kvalitetar, tradisjonar og eldsjeler. Kommunen har mange mindre matprodusentar som i stor grad nyttar utmarksbeite i våre flotte fjell- og heiområder.
Det er eit mangfaldig kultur og organisasjonsliv i kommunen.
E-134 er ei av hovudfartsårene mellom Austlandet og Vestlandet og går gjennom kommunen i Høydalsmo. Kommunesenteret Dalen er om lag 220 km frå Oslo. Dalen sentrum har bevart ein del av sine historiske bygg, bryggjeanlegg ved Telemarkskanalen og eventyrhotellet Dalen Hotel frå 1894. Suleskarvegen mot Stavanger, 230 km unna, er ein populær sommarveg gjennom kommunen.
Tokke er ein kraftkommune og Statkraft Region Sør-Noreg har regionkontor og Vest-Telemark kraftlag har hovudkontor i kommunen. Det er også fleire industri- og høgteknologiske verksemder her.
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2574696
- Sist endret
11. mars 2024
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
7b905660-2268-4c6c-980f-421af553f558