Organist Bremanger kyrkjelege fellesråd
DEN NORSKE KYRKJA
Bremanger kyrkjeleg fellesråd
Ledig stilling som kantor/ organist/kyrkjemusikar
Bremanger ligg i sogn og fjordane i Vestland fylke, ein kystkommune med underkant av 4.000 innbyggjarar. Kommunen har god barnehagedekning, trygge oppvekstvilkår og eit rikt kulturliv. Her er variert natur med gode tilhøve for å drive eit aktivt friluftsliv. Kommunen har eit svært rikt song og musikkliv som vi ønskjer å inkludere i gudstenestelivet.
Bremanger kyrkjeleg fellesråd har ledig 80% stilling frå 01/01-23 som organist/kantor/kyrkjemusikar i Midtgulen, Davik, Ålfoten og Rugsund sokn.
Kommunen har ein aktiv kulturskule. Det kan være mogeleg å kombinere organiststillinga medmindre stilling som lærari musikkundervisninga om ynskeleg, for å oppnå ei heil stilling.
Sentrale arbeidsoppgåver vert:
· Delta i musikkrelatert arbeid som trusopplæring, konfirmantundervisning osv.
· Planlegge og medverke ved gudstenester og kyrkjelege handlingar ved kyrkjene i Midtgulen, Svelgen, Davik, Ålfoten og Rugsund.
· Speling ved andakter på Klokkartunet og Svelgen bu og servicesenter.
For stillinga krevst:
Utdanning, jfr. kvalifikasjonskrav og tenesteordning for kantorar eller tilsvarande.
Meistring av ulike musikkformer.
God kunnskap til norsk gudstenestetradisjon og liturgi.
Kommunikasjon på norsk, muntleg og skriftlig.
Må disponere bil og ha gyldig førerkort.
Framlegg av politiattest ved tilsetting.
Den som blir tilsett må vere medlem av Den norske kyrkja.
Vi tilbyr:
Stillinga vert lønna etter gjeldande tariff. Tilsetting skjer etter gjeldande lovverk, reglement. Pensjonsordning gjennom KLP. Hjelp til å finne bustad.
Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til kyrkjeverje i Bremanger,
e-post: bjarki.hrafnsson@bremanger.kommune.noeller tlf. 91706595 eller 41803976.
Her finn du oss på internett: www.bremanger.kommune.no/kyrkjeog www.visitbremanger.no
Skriftleg søknad med rettkjende kopiar av attestar og vitnemål sender ein til Bremanger kyrkjeleg fellesråd, Rådhuset postboks 104, 6721 Svelgen, innan 22.januar 2022.