Vikariat for Sosionom/Sjukepleiar med vidareutdanning innan rus
Org. nr: - Stillingsident: 4414501392 Presentasjon av stillingen:
Haugaland og Karmøy DPS ansvar for dei allmennpsykiatriske spesialisthelsetenesetene i opptaksområdet med eit samla befolkningsgrunnlag på omlag 120 000 innbyggjarar.
Ruspoliklinikken er ein tverrfagleg sammensatt poliklinikk med lege, psykologspesialist, sosionomar og psykiatrisk sjukepleiar. Vi tilbyr utgreiing og behandling av personar med psykiske lidingar og rusmiddelavhengigheit frå 16 år og opp. Arbeidet inneber individuell utgreiing og behandling, pårørandearbeid, målretta og langvarig samarbeid med kommunale instansar og andre deler av spesialisthelsetenesta.
Haugaland DPS, Ruspoliklinkken, startar frå hausten 2021 FACT-rusteam med kommunane i opptaksområdet. Vi har fått prosjektmidler frå Statsforvaltaren til dette arbeidet..
FACT er ein behandlingsmodell som skal gje behandlingstilbod til pasientar med psykisk liding og rusavheningheit som helsetenesten ikke når på ein tilfredstillende måte med allereie eksisterande behandlingstilbod. FACT -- team er tverrfagleg samansett. Ved oppstart av FACT-team vil stillinga inngå som ein del av dette.
FACT er eit 3-årig prosjekt, med mål om vidareføring og implementering i ordinær drift etter endt prosjektperiode.
Arbeidsoppgåver
- Utgreie og søke inn pasientar til relevant institusjonsbehandling.
- Eksternt og internt samarbeid for ei heilskapele tilnærming til psykiske, somatiske og sosiale forhold
- Deltaking i ansvarsgrupper rundt pasientane
- Undervisning, rettleiing og konsultasjon ved behov overfor kollegaer, interne/eksterne samarbeidspartnarar.
- Kontinuerleg fagleg oppdatering, inklusive nasjonale faglege retningsliner, retlleiarar mm.
- Dokumentasjon av behandlingsintervensjonar og samarbeid gjennom journalføring og rapportering.
- Behandlaransvar for pasientar med TSB rettigheter.
Kvalifikasjonar
- Gode norskferdigheiter skriftleg og munnleg.
- Bachelor i sosialt arbeid/sjukepleie, med viareutdanning i rus
- Erfaring frå poliklinisk arbeid innan TSB
Utdanningsretning
- Sosionom
Utdanningsnivå
- Høgskule/universitet, hovudfag / mastergrad
Personlege eigenskapar
- Evne til samarbeid
- Gode kommunikasjonsferdigheiter
- Evne til å stå i krevande situasjonar
- Evne til å arbeide sjølvstendig
- Strukturert
- Evne til å sette seg inn i og jobbe etter poliklinikken sine rutinar og praksis
- Fleksibel
Vi tilbyr
- Rettleiing
- Lønn etter gjeldande avtalar
- Hjelp med bustad, oppgi i søknaden dersom det er ønskeleg
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
- Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
- For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden
Kontaktinformasjon
Ingrid Camilla Aasbøe Heggland, Seksjonsleiar, 95767168
Kjersti Haugen, Funksjonsleiar, 45293810
Arbeidsstad
Floraveien 75
5535 Haugesund
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Fonna HF
Referansenr.:4414501392
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 08.08.2021
Om bedriften
I Helse Fonna er vi meir enn 4000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre. Helse Fonna dekker 19 kommunar med rundt 180 000 innbyggjarar. Vi har sjukehus i Odda, Stord, Haugesund og Valen, fire DPS og ti ambulansestasjonar. For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.