Sjukepleiar
Natt-tenesta i Kvam
Nedre Norheim 44, 5600 Norheimsund
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar
Type ansettelse
Fast, deltid 70%
Arbeidstid
Turnus, natt
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Er du sjukepleiar og trivst med å jobba på natt?
Me søkjer sjukepleiar til 70 % fast stilling i Natt-tenesta frå snarast. Stillinga er knytt til arbeidshelg kvar 3. helg, men med moglegheit for langvakter kvar 4. helg.
- Natt-tenesta gjev tenester til pasientar og brukarar i heildøgnsomsorg, i heimetenesta og til menneske med utviklingshemming.
- Gruppa jobbar fleksibelt og samarbeider på tvers av dei ulike gruppene.
- Natt-tenesta er organisert i Tenester til heimebuande.
I Natt-tenesta er me avhengig av eit godt tverrfagleg samarbeid mellom tenester og kollegaer og me søkjer difor etter ein engasjert og nytenkjande sjukepleiar.
Velkomen som søkjar!
Arbeidsoppgåver
Sjukepleie til heimebuande og på institusjon
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Du må ha sertfikat klasse B
- Erfaring frå nattarbeid er ein fordel
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg (tilsvarande BI)
Alle som yter tenester etter Helse og omsorgslova skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor legga fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggast ved søknaden. Ved tilsetjing skal det leggast fram vitnemål og attestar.
Personlege eigenskapar
- Tek ansvar og likar ei utfordring
- Fleksibel og nytenkjande
- Jobbar sjølvstendig, men har og har god evne til samarbeid
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø, på ein arbeidsplass som er i utvikling
- Du får øvd opp vurderingskompetansen din og brukt kunnskapen din i samspel med pasientar i ulike livsfasar
- Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem Som sjukepleiar i heil stilling får du rekrutteringstillegg med 25 000,- pr år (forhaldsmessig ved deltid)
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Generell informasjon
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette
Kontaktinformasjon
Ioana Hauge, Gruppeleiar Natt-tenesta i Kvam, +47 481 45 217Arbeidsstad
Nedre Norheim 445600 NORHEIMSUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kvam heradReferansenr.: 4862801908
Stillingsprosent: 70%
Fast
Søknadsfrist: 07.10.2024
Om bedriften
Oppdag Kvam - framtida er her!
Med sine 8500 innbyggjarar ligg Kvam vakkert plassert i hjarta av Hardanger og ved Hardangerfjorden, berre ein times køyretur frå Bergen. Her møter du ein natur som inviterer til aktiv fritid både sommar og vinter. Kvam, heimkommunen til nobelprisvinnar Jon Fosse, byr på eit rikt kultur- og organisasjonsliv med festivalar for ein kvar smak.
Naturopplevingar og aktivitetar
Ved fjorden finn du idylliske badestrender midt i sentrum av både Norheimsund og Øystese. For deg med lidenskap for langrenn eller toppturar, tilbyr Sjusete skisenter og fjellområdet Kvamskogen fantastiske skiforhold.
Ein kommune for framtida
Kvam satsar på barn og unge og er Årets ungdomskommune i 2024. Me har to vidaregåande skular, og ein ny, moderne vidaregåande skule er under bygging i sentrum av regionsenteret vårt Norheimsund.
Eit variert næringsliv
Næringslivet i Kvam er mangfaldig og inkluderer m.a. handel- og reiselivsnæring, lokal matproduksjon, jordbruk og industri. Dette gir mange moglegheiter for både jobb og fritid.
Opplev det beste av natur, kultur og samfunn i Kvam - i hjarta av Hardanger! Les meir
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2749200
- Hentet fra
talentech
- Referanse
db44ed7e6edd4f5cad2cb097ef7ddd01