Ein eventyrleg jobb ventar på deg i havgapet!
Værlandet Havhotell AS
Værlandet, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Daglig Leder
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Værlandet Havhotell ligg på Værlandet lengst vest i havgapet i Askvoll kommune - Vestland fylke. I øyriket Værlandet og Bulandet bur du midt mellom himmel og hav, med havklippa Alden som nabo. Vi vågar å påstå at naturen her er noko av det vakraste landet vårt kan by på. Av den grunn får vi stadig fleire gjestar, og vi søker no etter drivar/drivarar til Værlandet Havhotell og kroa i Værlandet Gjestehamn.
STILLINGSBESKRIVINGVi ser etter ein person, eller f.eks eit par, som ivrar etter å skape sin eigen arbeidsplass i eit lite og livskraftig øysamfunn. Du vil vere med på å utvikle hotellet, kroa og gjestehamna som ein spennande destinasjon for turistar, båtfolk, arrangement, fastbuande og bedrifter.
Rolla til ny drivar vil bli forma i samspel med eigarane, og tilpassa ønsker og behov for den rette personen. Moglegheit til sesongarbeid om ønskjeleg, med hovudvekt på sommarsesong. Du vil jobbe tett opp mot eit aktivt styre og lokale aksjonærar, som bistår deg når du treng det, og du får stor fridom til å drive slik du ønskjer.
Kven vi ser etter:- Trivast å bu i eit lite men aktivt og inspirerande øysamfunn
- Trivast i vertskapsrolla og med matlaging
- Trivast med folk og med å vere aktiv i markedet (turistar, bedrift, arrangement)
- Beherske norsk og engelsk, skriftleg og munnleg
- Stor fridom til å forme sin eigen arbeidsplass og -tid
- Vere med å utvikle hotellet, kroa og gjestehamna som destinasjon
- Høg løn er ikkje det viktigaste for deg, men likevel; fastløn etter avtale + bonus (av den botnlinja ein klarar å skape)
- Eit fritt liv i ei av verdas vakraste rammer
Om du kjem ut hit kan du skryte av at du bur i det vestlegaste busette samfunnet i Noreg, som består av over 365 øyer, og til saman rundt 460 menneske. Her ute lev vi tett på naturen, og haustar av den: Folket lev i hovudsak av fiske og fiskeforedling, lakseoppdrett, produksjon av fiskereiskap, turisme og anna tenesteyting.
Her er det både hjarterom og jobb til fleire, i eit sosialt og aktivt lokalsamfunn. Her møter du Værlendingen og Bulendingen som opp gjennom tidene har lært å klare seg sjølve.
I øysamfunnet Værlandet og Bulandet har vi blant anna:
- Barnehage
- Skule (1.-10.klasse)
- 2 daglegvarebutikkar (Joker)
- 4 matserveringsstadar (sesongbasert)
- Fleirbrukshall med treningsrom og symjehall m.m (opna sommaren 2024)
Vi kan også hjelpe til med å finne bustad og ev. jobb til partner også.
For spørsmål, ta gjerne kontakt med oss på e-post: post@vaerlandethavhotell.com.
Om bedriften
Værlandet Havhotell er eit leiligheitshotell som består av 2 hotellbygg med 28 sengeplassar fordelt på 8 rom med moderne arkitektur i eit ope landskap med himmel og hav tett på og med majestetiske Alden som næraste nabo i horisonten.
Kroa/Værlandet Gjestehamn består av kafé/pub med matservering, alle rettigheter og sitteplass til 60 gjestar, gjestehamn og sanitæranlegg for tilreisande, med tilgong til verdas beste råvarer frå havet. Værlandet Gjestehamn er lokalisert ca 250 meter frå Værlandet Havhotell.
Sektor
Privat