Miljøarbeidar 80-100% fast Aktivitetstunet - Habiliteringstenesta
Habiliteringstenesta, pt. Aktivitetstunet, har ledig stilling 80-100% som miljøarbeidar med arbeid kvar 3. helg lange vakter i bustad. Habiliteringstenesta i Bømlo kommune gjer tilbod til personar med utviklingshemming og behov for omfattande og langvarige tenester. Me er 116 årsverk som yt heildøgnstenester til 43 personar i 9 bufellesskap/burettslag, samt dagtilbod. Aktivitetstunet går ei spanande tid i møte der fokuset ligg på utviklingsarbeid og samlokalisering av alle dagtilbod i kommunen. Me trenger ein engasjert medarbeidar som vil bidra i dette arbeidet.
Arbeidsoppgåver:
Yta praktisk bistand og rettleiing i dei daglege gjeremåla og legge til rette for god omsorg og brukarmedverknad.
Planleggja, setja i gang og bistå i praktiske og kreative aktivitetar.
Internt samarbeid i tenesta, samarbeid med 1. og 2. linjetenesta, verje/pårørande.
Journalføring og arbeid opp mot gjeldane lovverk.
Kvalifikasjonar:
Fagbrev innan helse- og sosialfag (Hjelpepleiar eller omsorgsarbeidar/helsefagarbeidarutdanning) er ynskjeleg, men oppmodar og andre til å søkja.
Andre fagutdanningar (t.d møbelsnekker, aktivitør) vert vurdert opp mot personleg eignaheit og utvikling av aktivitetstilbodet i samband med samlokalisering.
Erfaring med målretta miljøarbeid, utfordrande åtferd og personar med utviklingshemming.
God norskkunnskap, både skriftleg og munnleg.
Personleg eignaheit og praktiske ferdigheiter kan verta vektlagt.
Sertifikat kl. B (manuell gir)
Personlege eigenskapar:
Me søkjer deg som er raus, modig og brennande engasjert.
Du kan stå i krevjande situasjonar over tid, vere fleksibel og trygg.
Du må trivast med variert arbeid, lika ein viss grad av uføreseielegheit og dagar med høgt arbeidstempo der løysing på dagens utfordring ikkje alltid er gitt.
Du syner arbeidslyst, bidreg til ein positiv kultur og eit godt arbeidsmiljø.
Du er endringsviljug og løysingsfokusert, våre tenester er alltid i endring og dette vil vera gjennomgåande i den daglege drifta.
Me tilbyr:
Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk.
Andre opplysningar:
Det er krav om gyldig politiattest for teneste hjå personar med utviklingshemming jfr Hol §5-4 a.
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju.
Ved innsending av elektronisk søknad vert kvittering å rekna som stadfesting av at søknad er motteke.
Kontaktperson: Gruppeleiar Line Skrede Habbestad - 948 10 927