Ferievikarar 2020 Heimetenesta
Org.nr.:964981892 Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Kort om stillingane
Vi treng ferievikarar i perioden 22.06.20 - 16.08.20, dvs. frå og med veke 26 til og med veke 33.
Det er viktig at du oppgjev når du kan arbeide og om du sjølv skal ha ferie i perioden.
Ferievikarar som kan arbeide heile perioden vil bli proioritert.
Faste tilsette i Surnadal kommune som har deltidsstilling treng ikkje søkje på ferievikariat, men kan ta kontakt direkte med einingsleiar.
Kvalifikasjonar, utdanning
Vi treng sjukepleiarar og sjukepleiestudentar, vernepleiarar og vernepleiestudentar, hjelpepleiarar, omsorgsarbeidarar, helsefagarbeidarar og assistentar.
For å vere aktuell som søkjar må du fylle 18 år i løpet av 2020. for ein del arbeidsoppgåver er det eit krav at du må vere fylt 18 år for å kunne utføre dei. Førarkort kl. B er nødvendig for dei fleste arbeidsoppdraga.
Du må kunne kommunisere godt på norsk og ha god skriftleg framstillingsevne på norsk.
Tilsettingsvilkår
Tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, må leggast fram før oppstart.
Vi ønskjer oss ferievikarar som:
-
har gode samarbeidsevner og er rause og inkluderande
-
kan arbeide sjølvstendig og systematisk
-
har god arbeidskapasitet
Vi tilbyr:
-
opplæring og rettleeing
-
ordinære kommunale tilsettingsvilkår og lønn etter tariff
-
godt arbeidsmiljø og trivelege kollegaer
Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Annet Ranes, Mobil +47 92338986, Epost: annett.ranes@surnadal.kommune.no
Om bedriften
Heimetenesta organiserer heimesjukepleie, heimehjelp, rehabililtering og dagsenter for eldre. I tillegg samarbeider vi med Inn på Tunet-tilbydarar.
Vi er til saman 60 tilsette og held til i sentrum av Surnadal.
I Surnadal forventar Heimetenesta aukande oppdragsmengd med auka krav til kompetanse i åra framover. Målet er at alle innbyggjarane får bu heime så lengje dei ønskjer det. Vi gir tilbod om rehabilitering i heimen der vi har sjukepleiar med rehabiliteringskompetanse, fysioterapeut og ergoterapeut som del av det tverrfaglege arbeidet.
I oppfølginga av pasientar med behov for sjukepleie har vi kompetanse i mellom anna geriatri, demens, psykiatri, rus, legemiddel, kreft og diabetes.
Aktiv bruk av velferdsteknologi er eit satsingsområde og vi ønskjer å vere pådrivar i utviklinga av gode løysingar.
Vil tilbyr praktisk bistand i form av heimehjelp og personleg assistanse.
Heimetenesta arbeider etter metoden "Helheltlig pasientforløp i eget hjem" -HPH, som er utvikla i samarbeid med NTNU og St.Olavs hospital.
KS og Helsedirektoratet arbeider no med å etablere HPH i alle kommunar.
Vi brukar Gerica som fagsystem.