Ferievikar ved Helse- og omsorg i Ullensvang kommune
Ullensvang kommune Røldal pleie og omsorg
Opheimsgata 31, 5750 Odda, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Feriejobb, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 31. mars
Er du klar for ein meningsfull og lærerik sommarjobb der du kan gjere ein forskjell? Ullensvang kommune søkjer engasjerte og dyktige sommarvikarar til fleire spanande verksemder innan helse og omsorg:
Vi treng ferievikarar til:
● Rus og psykisk helse
● Legetenesta
● Bufellesskap i Tenesta for funksjonshemma; Røldal, Odda og Kinsarvik ● Mjøstølen avlastningsbustad i Odda
● Heimetenester i heile kommunen
● Institusjonane:
○ Bokko bu- og behandling
○ Eide Helsetun
○ Utneheimen
○ Vikevollen
○ Bråvolltunet
● Brukarstyrt personleg assistent: Odda, Tyssedal, Kinsarvik
● Kjøkken og kafédrift på Bokkotunet
● Kokk/kokkemedarbeidar Utneheimen, Vikevollen og Bråvolltunet
Kven ser vi etter?
● Sjukepleiarar og sjukepleiestudentar
● Vernepleiarar og vernepleiestudentar
● Legestudentar (med og utan studentlisens)
● Psykologistudentar
● Helsefagarbeidarar
● Personlege assistentar
● Heimehjelparar
● Assistentar og ufaglærte med interesse for helse- og omsorgsarbeid
● Kokk og personar med erfaring frå kjøkkenarbeid
Krav og kvalifikasjonar:
● Søkjarar til legetenesta må ha norsk bankID eller ha buypaskort
● Søkjarar må vere 16 år eller eldre.
○ Er du under 16 år? Sjå eiga utlysing for unge arbeidstakarar.
● Erfaring frå liknande arbeid er ein fordel, men ikkje eit krav.
● Utanlandske søkjarar må ha EU/ EØS-pass for å få søkje skatteetaten om d-nummer
● Vi ser etter positive og pålitelege personar som trivst med å jobbe med menneske.
Slik søkjer du:
● Arbeidsplass: Arbeidsplassane er spreidde over heile kommunen. Hugs å velje kva arbeidsplass du ynskjer å jobbe på når du fyller ut søknaden. Dette vil vere utgangspunkt for kvar du får tilbod om jobb.
● Jobbperiode: Hovudferien er i veke 25–33. Hugs å skrive i søknaden kva periode du kan jobbe. Det er anledning til å starte arbeid frå veke 23 og ut veke 35
● Det vert fortløpande tilsetjing.
Dette tilbyr vi:
● Sommarvikaravtale med konkurransedyktige vilkår.
● Eigen lokal lønnsstige for høgskulestudentar med relevant helsefagleg utdanning.
● Ordinær løn for personar mellom 16–18 år i samsvar med Hovudtariffavtalen.
● Kveldstillegg: kr 56,- per time for arbeid mellom kl. 17.00–21.00.
● Nattillegg: kr 70,- per time for arbeid mellom kl. 21.00–06.00.
● Helgetillegg: kr 70,- per time.
● Tillegg for arbeid i veke 32 og 33: kr 125,- per time.
● Mogelegheit for langvakter (12,5–24 timar) ved enkelte verksemder.
● Dekking av bustad- og reisekostnader for sommarvikarar utan tilknytning til kommunen ved arbeid minimum 5 veker.
Kva får du ut av å jobbe hos oss?
● Verdifull erfaring som styrker CV-en din.
● Mogelegheit til å utvikle kompetanse og ferdigheiter, både gjennom sjølvstendig arbeid og samarbeid i team.
● Sjansen til å byggje relasjonar og nettverk i arbeidslivet
● Ein givande jobb som gjev innblikk i kvardagen i helse- og omsorgssektoren
Hos oss får du mogelegheita til å bu og arbeide i eit område med storslått natur og eit aktivt lokalsamfunn. Bli ein del av Ullensvang kommune denne sommaren - me ser fram til å ha deg med på laget!
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2806872
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3437801_191027_nn