Sjukepleiar
Auge Molde, Helse Møre og Romsdal HF
Parkveien 84, 6412 Molde
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i overmorgen
Spennande vikariat for sjukepleiar, kombinert poliklinikk og akuttmottak.
Stillingsprosenten er fordelt med 82,4% augepoliklinikken SNR, og kvar 3.helg med 17,6% i akuttmottak (skadepol).
Augepoliklinikken er ein kirurgisk seksjon, kor sjukepleiarane koordinerar på operasjonsstove og har eigen injeksjonspoliklinikk, gir pre- postoperativ sjukepleie for pasientar som skal opererast for katarakt og tar forskjellige diagnostiske forundersøkingar for legane.
I dette vikariatet får du moglegheit til å lære mykje nytt innan for augefaget, samtidig som du får prøvd deg på helg med diverse sår, brudd og andre akutte skader.
Her er det potensiale for å vere med på å styre eigen kvardag, samtidig som du får variasjon i arbeidsoppgåvene.
Arbeidsstad er pr. dags dato Molde sjukehus, men eit nytt sjukehus byggjast på Hjelset, og vi vil ta i bruk heilt nye arbeidslokale frå våren 2025.
Høyrast dette ut som noko for deg? Har du godt humør, gode samarbeidsevner, er initiativrik, strukturert og målbevisst? Ja, då er nettopp du den vi søkjer. Forventa oppstart er snarast mogeleg.
Vitnemål, attestar og tenestebevis må lastast opp som vedlegg til søknad/CV.
Arbeidsoppgåver
- Diagnostiske forundersøkingar
- Injeksjonspoliklinikk (med eigen plan for opplæring)
- Pre- og postoperativ sjukepleie til kataraktpasientar
- Assistere på operasjonsstova ved kataraktoperasjonar
Kvalifikasjonar
- Autorisert sjukepleiar
- Flytande norsk, munnleg og skriftleg
- Beherske IKT-verktøy
- Opptatt av kompetanseheving og fageleg utvikling
- Det er ønskjeleg med erfaring innan auge-fag og/eller kirurgiske fag, men dette er ikkje naudsynt
Personlege eigenskapar
- Evne til å jobbe sjølvstendig og i team
- Er positiv, har godt humør, har engasjement og interesse for faget og er med på å bidra til eit godt samarbeid
- Gode kommunikasjonskunnskaper
- Strukturert og ryddig
- Personleg eignaheit vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Marina Elnes, Seksjonsleiar, marina.elnes@helse-mr.noArbeidssted
Parkveien 846412 MOLDE
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4775963543
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Sluttdato: 01.07.2025
Søknadsfrist: 21.05.2024
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2578108
- Sist endret
14. mai 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
efc9db923e3c4d91b112d7a732f8098d