Lærling i salsfaget
Er du ute etter ei spanande læretid med kjekke kollegaer i eit ungt og dynamisk miljø? Ved Amalie Skram vgs. har vi ein ledig læreplass i salsfaget frå hausten 2024. Stillinga vil vere lokalisert i Bergen sentrum vegg i vegg med AdO Arena. Normal læretid vil vere 2 år dersom du går ordinært løp frå vg2 i salsfaget.
På skulen har vi vår eigen lærebedrift, Kaffe Diem, der du i læretida mellom anna vil lære mykje om:
- Kundebehandling og sal
- Service og kommunikasjon
- Økonomisk og berekraftig drift
- IKT og bruk av digitale verktøy.
Les gjerne meir på vår nettside om korleis det er å vere lærling i Vestland fylkeskommune:
https://www.vestlandfylke.no/jobb-og-karriere-i-vestland-fylkeskomune/bli-larling-i-vestland-fylkeskommune/
Arbeidsoppgåver
Som lærling i salsfaget vil du i læretida jobbe med eit breitt spekter av ulike oppgåver i samsvar med læreplanen.
Døme på dette er:
- Kundebehandling og sal
- Service og kommunikasjon
- Utarbeiding av rutiner og informasjonsmateriell
- Organisering av interne møter, samlingar og arrangement
- Planlegging og gjennomføring ulike elevaktivitetar
- Bruke ulike former for kommunikasjon for å samhandle; slik som telefon, e-post, Teams og OLKWEB
Kvalifikasjonar
Det er ynskjeleg med:
- Fullført og bestått vg1 og vg2 i salsfaget
- Gode datakunnskapar og god skriftleg framstillingsevne
- Vurdering «god» i både orden og adferd begge år, og lite fråvær
- God munnleg og skriftleg norsk framstillingsevne, noko engelskkunnskap er ein føremon
Personlege eigenskapar
- Serviceinnstilt
- Open og lærevillig
- Initiativrik og strukturert
- Punktlig og høflig
- Gode samarbeidsevner
- Evne til å handtere mange ulike oppgåver
Vi tilbyr
Amalie Skram vgs. har lang og god erfaring med lærlingar og tilbyr tett oppfølging av fagleg leiar.
- Løn etter tariff som stig gradvis i læretida
- Mange kjekke kollegaer som vil ta godt vare på deg i eit varmt og trygt arbeidsmiljø
- Arbeidsplass i eit moderne bygg med AdO Arena vegg i vegg
- Gratis treningsrom
- Ulike sosiale aktivitetar
- Mogleg å søke utveksling i utlandet
- Oppstart etter avtale haust 2024
Kontaktinformasjon
Mercedes Ayala Morales, fagleiar salsfaget, 95110435, mercedes.ayala.morales@vlfk.noArbeidsstad
Lungegårdskaien 405015 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4773348716
Stillingsprosent: 100%
Lærling
Søknadsfrist: 01.05.2024