Rekrutteringsstilling for sjukepleiar
Ønskjer du å jobbe i eit allsidig fagmiljø som er opptatt av fagleg utvikling og å levere god fagleg kvalitet?
Seksjon for anestesi Kristiansund har ledig rekrutteringsstilling for sjukepleiar med mogelegheit for vidare fast stilling som anestesisjukepleiar. Vi søkjer deg som er sjukepleiar, og som har ønskje om å ta utdanning som anestesisjukepleiar frå studiestart høsten 2023. Du må tilfredsstille krav til opptak på studiet, og ha interesse for å jobbe med anestesipasientar.
Arbeidstid i rekrutteringsperioden er dagtid kl 0800 - kl 1530. Stillinga kan kombinerast med helgestilling på anna seksjon. Tilsetting frå 1. september 2022, eller etter nærare avtale med seksjonsleiar.
Arbeidsoppgåver
I rekrutteringsstillinga vil du få innblikk i kva som vert kravd for å vere anestesisjukepleiar:
- Du vil bli ein del av anestesiteamet og vere med i mottak av akutt syke pasientar
- Du vil bistå anestesisjukepleiar i forberedelse til operasjon
- Du vil møte pasientar som er akutt kritisk sjuk og pasientar som kommer til planlagte inngrep
- Du vil få opplæring i bruk av avansert medisinteknisk utstyr
- Du vil lære meir om hygieniske prinsipp
- Legemiddelhandtering
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Må vere kvalifisert for opptak til vidareutdanning i anestesisjukepleie
- Må beherske norsk munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Du har interesse for fagfeltet
- Du har god evne til samarbeid
- Du er fleksibel og lærevillig i forhold til arbeidsoppgåver
- Du er ein fagleg oppdatert sjukepleiar med eit ønskje om å tilegne deg ny kunnskap
- Du er motivert for nye utfordringar
- Du er positiv til en hektisk arbeidskvardag
Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Bjørn Hjelkrem, Seksjonsleiar, 71 12 14 29, bjorn.hjelkrem@helse-mr.noArbeidssted
Herman Døhlens vei 16508 Kristiansund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.:4524536129
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Startdato: 01.09.2022
Sluttdato: 31.07.2023
Søknadsfrist: 01.08.2022
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ein slik førespurnad og ta kontakt med deg dersom førespurnaden ikkje blir tatt til følgje (jf. Offentligheitslova § 25).
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal