Likar du å jobbe med barn ?
Sand barnehage er fordelt på to bygg, avdeling Randåsen og avdeling Joagarden. Dei to bygga ligg ca. 1 km. frå kvarandre.
I nærområdet er det fleire fine naturområde med skog og bekk, som innbyr til utforsking og spennande leik. Me er mykje ute, og på tur. Begge avdelingane ligg i gangavstand til Sand skule, idrettsbanen og den nye svømmehallen.
Sand barnehage har ledig eit vikariat for barnehageåret 2024/25.
Om stillinga
- Stillingsstorleik: 100%
- Stillingstype: Vikariat
- Stilling ledig frå: 13.08.24 t.o.m. 12.08.2025
Arbeidsoppgåver
Er du utdanna barnehagelærar og trivst med å jakta på dei små og store magiske stundene i lag med borna? Likar du å by på deg sjølv, er motiverande for kollegane dine og oppteken av kvalitet? Då er det deg me er på leit etter.
Jobben din vil blandt anna innebera:
- Leiing og organisering på avdelingsnivå, i samsvar med mål og strategiar.
- Møtedeltaking.
- Ansvar for utvikling av barnehagen, fagleg og kvalitativt.
- Rettleiing av det pedagogiske personalet på avdelinga.
- Samarbeid med ulike instansar.
- Ansvar for vurdering og dokumentering.
Kvalifikasjonar
Barnehagelærar må ha utdanning som barnehagelærar/førskulelærar eller annan treårig pedagogisk høgskuleutdanning med vidareutdanning innan barnehagepedagogikk.
Andre søkjarar med relevant utdanning/kompetanse/erfaring kan verta vurderte.
Me søkjer deg som er:
- Deg - men gir plass til andre slik at dei blir seg.
- Oppteknen av å søkje kunnskap i lag med barn.
- Bidreg til eit positivt læringsmiljø.
- Har ein ekte motivasjon for å arbeide med barn.
- Tilstadevarande og fagleg interessert.
I tillegg ønskjer me at du har:
- Eit positivt og likeverdig menneskesyn
- evne til å gi barn, foreldre, kollega omsorg og trygge relasjonar.
- evne til å inspirera og motivera kollegane dine.
- Evne til å jobba målretta og likar å sjå reultat av jobben din.
- Erfaring frå arbeid i barnehage.
- Gode norskkunnskapar.
Hos oss i Suldal kommune får du
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Engasjerte og dyktige kollegaer
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Bedriftshelseteneste
- Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
- Nynorsk som administrasjonsspråk
Andre opplysningar:
- Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
- Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
- Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
- Kommunen følg offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarliste
Slik søkjer du
- Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar.
- Du kan logge inn via ID-porten, med brukarnamn og passord, via Facebook-profil eller søkje utan å logge inn. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista.
- Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju.
- Treng du hjelp, kan du venda deg til Servicetorget på tlf 52 79 22 00
Velkomen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg.
Link til søknadsskjema: Søk her