100% stilling som miljørettleiar ved verksemd for inkludering, avdeling flytningetenesta
Ullensvang kommune Inkludering
Opheimsgata 31, 5750 Odda
Om jobben
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 8. desember
Verksemd for inkludering, avdeling flyktningtenesta ledig fylgjande stillingar:
1 fast 100% stilling som miljørettleiarArbeidsoppgåver:- Vera kontaktperson og koordinera tenester til busette flyktningar
- Sakshandsaming etter kommunale retningslinjer for flyktningarbeid
- Heilskapleg oppfylging med fokus på livssituasjon, familie- helse og økonomi
- Sosialfaglege oppgåver knytt til oppfølging av dei busatte. Dette vil inneber mellom anna bistand til praktiske oppgåver, heimbesøk, koordinering i forhold til avtalar med andre samarbeidsinstansar
- Kartlegging og tiltak knytt til borna sine levekår og oppvekstmiljø.
- Oppfylging av tilskotssaker
- Andre oppgåver kan verta lagt til stillinga.
- Sosialfagleg høgskuleutdanning på bachelornivå, fortrinnsvis sosionom, barnevernspedagog eller vernepleiar. Helsefagleg eller pedagogisk utdanning på høgskulenivå med relevant erfaring eller tilleggsutdanning kan vurderast.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne, Stillinga inneber skriftleg arbeid som til dømes formelle rapportar og vedtaksskriving som krev at ein kan norsk flytande både muntleg og skriftleg.
- Førarkort, minimum klasse B
- Med bakgrunn i arbeidsoppgåvene er det naudsynt at den som vert tilsett har god psykisk helse.
Det er ønskeleg at den som søkjer har erfaring frå sakshandsaming i offentleg sektor, eksempelvis innanfor NAV, barnevern, tildelingskontor eller flyktningteneste.
Erfaring frå tilsvarande arbeid eller anna relevant flyktningarbeid kan kompensera for deler av utdanningskravet.
Det er ein fordel om du har kjennskap til fagsystem som Visma Unique Flyktning og at du har fleirkulturell kompetanse.
Det er krav om politiattest frå personar som i sitt arbeid er i kontakt med barn, ungdom, brukarar og pasientar, - i henhold til lovheimel som gjeld for stillinga.
Personleg egnethet vil bli vektlagt
Me søkjer deg som:- Har interesse for integreringsarbeid.
- er god til å samarbeide med både interne og eksterne samarbeidspartar
- er positiv, fleksibel og engasjert
- er god på å bygge relasjonar, og toler frustrasjoner
- kan setja deg inn i komplekse problemstillingar
- Likar utfordringar og har evne til å arbeide systematisk og målretta
- Bidreg aktivt til fagutvikling og eit godt arbeidsmiljø
- Har gode datakunnskaper med evne til å arbeide systematisk og ryddig
Den som vert tilsett må pårekna noko arbeid på ettermiddag/ kveld.
Personlig egnethet vil bli vektlagt.
Me tilbyr:- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit travelt, men kjekt arbeidsmiljø
- Eit arbeidsmiljø med fokus på kompetanseheving i form av kurs, studieturar og vidareutdanning
- Lønn etter hovudtariffavtale
- Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.
Arbeidsstad: Kinsarvik, men oppgåver i heile kommunen må påreknast.
Til orientering om Offentleglova:Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2793714
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3429565_194021_nn