Helsefagarbeidar
Strandebarm omsorg
Strandebarmvegen 530, 5630 Strandebarm, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeidar
Oppstart
1. april 2025
Type ansettelse
Fast, deltid 80%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 28. januar
- 80 % fast stilling ledig frå 1. april 2025
- Stilling med arbeid natt og kveld, turnusarbeid for tida etter årsplan med arbeid tredje kvar helg
Strandebarm omsorg består i dag av sjukepleiarar, fagarbeidarar, pleiemedarbeidarar, aktivitør, fysioterapeut og lege. Me held til i heilt nytt omsorgssenter i Strandebarm. Vil du vite meir om oss les her:Strandebarm omsorg
Pleie og omsorgstenesta i Kvam har fokus på "Eit godt liv der me bur" og har som mål å skapa omsorgstenester for framtida. Meir satsing på tenester til heimebuande er sentralt i den nye omsorgsmodellen.Arbeidsoppgåver
Pleie og omsorgsoppgåver i institusjon og heimebaserte tenester, med arbeid på kveld og natt.Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
- Må ha førarkort på bil
Alle som yter tenester etter Helse og omsorgslova skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor legga fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggast ved søknaden.
Ved tilsetjing skal det leggast fram vitnemål og attestar.
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner
- Fleksibel og sjølvstendig i arbeidet
- Du må ha positiv innstilling
- Vera serviceinnstilt, engasjert, ta ansvar og vera løysingsorientert
Vi tilbyr
- Variert arbeid både inne i institusjon og ute i heimetenesta
- Gode kollegaer i eit godt arbeidsmiljø
- Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønnsystem
- Gode pensjons-/ forsikringsordningar
Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette
Kontaktinformasjon
Elisabeth Svåsand, Gruppeleiar i Strandebarm, 918 17 408Liv Berit Bru Eide, Gruppeleiar i Strandebarm, 918 17 408
Arbeidsstad
Strandebarmvegen 5305630 Strandebarm
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kvam heradReferansenr.: 4904906212
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 01.04.2025
Søknadsfrist: 28.01.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Liv Berit Bru Eide
Gruppeleiar i Strandebarm
918 17 408
Elisabeth Svåsand
Gruppeleiar i Strandebarm
918 17 408
Om bedriften
Oppdag Kvam - framtida er her!
Med sine 8500 innbyggjarar ligg Kvam vakkert plassert i hjarta av Hardanger og ved Hardangerfjorden, berre ein times køyretur frå Bergen. Her møter du ein natur som inviterer til aktiv fritid både sommar og vinter. Kvam, heimkommunen til nobelprisvinnar Jon Fosse, byr på eit rikt kultur- og organisasjonsliv med festivalar for ein kvar smak.
Naturopplevingar og aktivitetar
Ved fjorden finn du idylliske badestrender midt i sentrum av både Norheimsund og Øystese. For deg med lidenskap for langrenn eller toppturar, tilbyr Sjusete skisenter og fjellområdet Kvamskogen fantastiske skiforhold.
Ein kommune for framtida
Kvam satsar på barn og unge og er Årets ungdomskommune i 2024. Me har to vidaregåande skular, og ein ny, moderne vidaregåande skule er under bygging i sentrum av regionsenteret vårt Norheimsund.
Eit variert næringsliv
Næringslivet i Kvam er mangfaldig og inkluderer m.a. handel- og reiselivsnæring, lokal matproduksjon, jordbruk og industri. Dette gir mange moglegheiter for både jobb og fritid.
Opplev det beste av natur, kultur og samfunn i Kvam - i hjarta av Hardanger! Les meir
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2833228
- Hentet fra
talentech
- Referanse
89d06f2a297e4f018686baab220fc825