Har du lyst til å jobbe med forvaltning av radioaktivt avfall og radioaktiv forureining?
Org. nr: - Stillingsident: 4356416739 Presentasjon av stillingen:
Har du lyst til å medverke til forsvarleg handtering av radioaktivt avfall og redusere radioaktiv forureining i ytre miljø frå syredannande bergartar, deponi, sjukehus, forskning og NORM-industri? Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA) ved avdeling strålevern og miljøforvaltning har ledig stilling som rådgivar/seniorrådgivar. Her kan du vere med og påverke forvaltning på eit område som er viktig for samfunnet, og der du får moglegheit til å utvikle ei stor kontaktflate både nasjonalt og internasjonalt. Avdelinga består av seksjon forureining og dekommisjonering, seksjon medisinsk strålebruk og seksjon miljøovervaking og radon.
DSA er myndigheit og kompetanseorgan for atomtryggleik, all bruk av stråling, for naturleg stråling og for handtering av radioaktivt avfall og radioaktiv forureining. Mandatet omfattar tilsyn, rådgiving, informasjon, kvalitetssikring, overvaking, målingar innan strålevern og atomtryggleik. DSA er også ansvarleg for den nasjonale atomberedskapen.
Seksjon forureining og dekommisjonering har ansvar for forvaltning etter forureiningslova når det gjeld radioaktiv forureining og radioaktivt avfall. Dette omfattar blant anna forvaltning og tilsynsverkemd retta mot deponi som handterer radioaktivt avfall, petroleumssektoren, prosessindustri, sjukehus og forskning, inkludert utslepp og avfall frå forskningsreaktorane i Noreg. Vi er eit spennande tverrfaglig miljø som deltar i utviklingsarbeid både nasjonalt og internasjonalt.
Vi skal auke bemanninga vår og søkjer derfor ein rådgivar/seniorrådgivar til vårt hovudkontor på Østerås i Bærum.
Arbeidsoppgåver
- Forvaltning etter forureiningslova, irekna behandling av søknader, rettleiing, tilsyn, regelverksarbeid og andre oppgåver knytte til seksjonen sitt arbeid
- Vurdere helse- og miljømessige konsekvensar ved utarbeiding av tillatingar etter forureiningsregelverket, i utgreiingsspørsmål og ved andre typar forvaltningsoppgåver
- Påverke og vidareutvikle forvaltninga av radioaktiv forureining og radioaktivt avfall
- Påverke og medverke til utforminga av nasjonal strategi for handtering av radioaktiv forureining og radioaktivt avfall og bidra i arbeidet med beredskap mot akutt radioaktiv forureining
- Samarbeide med departement, andre offentlege etatar og internasjonale miljø særleg mot IAEA og OECD NEA
Ein må rekne med noko reising i inn- og utland.
Kvalifikasjonar
Vi krev at du:
- har høgare utdanning med relevant mastergrad, cand.scient/siv.ing. innan naturvitskap eller tilsvarande. Lang og brei erfaring innan fagområdet kan i nokre tilfelle kompensere for utdanningskravet.
- har god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
I tillegg er det ein fordel om du:
- har relevant erfaring frå offentleg forvaltning og gjerne kunnskap om og erfaring med forvaltning etter forureiningslova og kjennskap til plan- og bygningslova
- har erfaring frå arbeid med avfallsdeponi, petroleumsindustri eller annan prosessindustri eller har drive med forvaltning på desse felta
- har kunnskap om stråling, radioaktivitet og radioøkologi, gjerne knytt til forureining
- har kunnskap om og erfaring med miljøkonsekvensvurdering og/eller miljøovervaking
Det blir lagt vekt på at den som blir tilsett, er personleg eigna for stillinga.
Vi ber om at vitnemål/karakterutskrifter og relevante attestar blir lasta opp som vedlegg til den elektroniske søknaden.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- er grundig, sjølvstendig og ansvarsfull
- jobbar effektivt, ser løysingar og har god gjennomføringsevne
- er ein lagspelar som ser verdien av å dele kunnskap og erfaring
Vi tilbyr
- ei utfordrande stilling med spennande utviklingsmoglegheiter og samarbeid med anerkjende fagmiljø nasjonalt og internasjonalt
- eit godt arbeidsmiljø med kompetente og engasjerte kollegaer
- medlemskap i Statens pensjonskasse, fleksitidsordning og trening i arbeidstida
- løn etter Statens regulativ som rådgivar/seniorrådgivar kr 530 000--640 000. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vere aktuelt. Frå løna blir det trekt to prosent til Statens pensjonskasse.
- gjensidig prøvetid på 6 månader
Mangfald i DSA
I DSA trur vi at mangfald gir oss breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring, fagkombinasjonar og perspektiv vil gjere oss i stand til å finne endå fleire gode løysingar på oppdraga våre. Vi oppfordrar derfor alle til å søkje jobb hos oss utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkommen til å søkje sjølv om du ikkje kan vise til ein samanhengande yrkeskarriere. Lokala vi held til i, er universelt utforma, og vi legg forholda til rette for personar med nedsett funksjonsevne. Vi oppfordrar deg til å krysse av for det dersom du har funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssingane danner grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer på i sine årsrapportar. Vi vil også kalle inn minst éin kvalifisert søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, altså bli positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav.
(https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling)
Har du spørsmål om stillinga?
Viss du har spørsmål om stillinga, er du velkommen til å ta kontakt. Meir informasjon om DSA finn du på heimesida vår: www.dsa.no. Offentleg søkjarliste vil ligge føre etter at søknadsfristen har gått ut. Dersom du ønskjer å reservere deg mot å stå på offentleg søkjarliste, må du grunngi dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentliggjorde sjølv om søkjaren ber om å sleppe dette. Søkjarar vil i så fall bli informerte før offentleggjeringa og vil ha moglegheit til å trekkje søknaden.
Kontaktinformasjon
Hilde Knapstad, Fung. seksjonssjef, 67162530, hilde.knapstad@dsa.no
Kristin Elise Frogg, Avdelingsdirektør, 67162559, Kristin.Elise.Frogg@dsa.no
Arbeidssted
Grini Næringspark 13
1361 Østerås
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet
Referansenr.:4356416739
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 29.04.2021
Om bedriften
Om DSA
Direktoratet for strålevern og atomsikkerheit, DSA, er underlagt Helse- og omsorgsdepartementet, Klima- og miljødepartementet og Utanriksdepartementet. Vi er fag- og forvaltningsmyndigheit og arbeider for å redusere negative følger av stråling i samfunnet. Vi jobbar for riktig og forsvarleg handtering av strålekjelder, medisinsk strålebruk og radioaktivt avfall og utslepp. Vi har også som oppgåve å sørge for at folk blir mindre utsette for radon innandørs og for UV-stråling frå sol og solarium. Vi arbeider for auka atomsikkerheit nasjonalt og internasjonalt og for ikkje-spreiing av radioaktivt materiale. Vi er ansvarlege for den nasjonale atomberedskapen og for god krisehandteringsevne. Vi er 115 tilsette, med hovudkontor på Østerås i Bærum og ein seksjon i Tromsø og Pasvikdalen i Finnmark.
For meir informasjon sjå www.dsa.no