Helsesekretær/sekretær
Avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk, Helse Bergen
Jonas Lies vei 65, 5021 Bergen, Jonas Lies vei 71, 5053 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsesekretær/sekretær
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest i morgen
Avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk er Vestlandets regionale kreftavdeling, med ansvar for dei fleste former for avansert ikkje-kirurgisk kreftbehandling i regionen (Rogaland og Vestland). Vi har ein langsiktig strategi om å tilby ein framtidsretta pasientbehandling og er i stadig utvikling.
Seksjon for kontor har sekretærar i poliklinikk, ved sengepostar, strålebehandling, og vi jobbar óg med koding og kvalitetssikring av registreringar i vårt journalsystem.
Seksjonen har pr. i dag seksjonsleiar, assisterande seksjonsleiar og fagansvarleg sekretær. Totalt er det 25 helsesekretærar som har oppgåver i poliklinikk og ved sengepost.
Avdelinga er i stor endring i åra framover. Det vil kome nye arbeidsoppgåver til helsesekretærar, som t.d. blodprøvetaking. I tillegg skal Kreftpost 2 flyttast frå sentralblokka til nytt bygg i mars 2025 og vi skal bemanne det nye Protonbygget frå tidleg 2025.
Arbeidstid er p.t.: 08.00 (07.30) - 15.30 (15.00). Enkelte vakter er frå kl 10.30 til 18.00 måndag-torsdag og 09:00-16:30 fredagar. På sikt kan det bli aktuelt med andre arbeidstidsordningar.
Vi ser etter helsesekretærar som ønsker varierte arbeidsdagar, men óg dei som ønsker fordjupe seg i enkelte område, her særleg nokon med interesse for kompleks koordinering av timar i poliklinisk kreftbehandling og strålebehandling.
Arbeidsoppgåver
Kjerneoppgåvene i vår seksjon er:- Timetildeling og koordinering av undersøkingar og behandling for kreftpasientar
- Registrering av pasientdata i ulike IKT-system
- Betene telefonar både frå pasientar, pårørande og andre. Oppgåvene vi skal løyse krev at du evnar å gjere deg kjend med avdelinga og sjukehuset for å forstå korleis vi best kan hjelpe dei som tar kontakt
- Resepsjonsarbeid i poliklinikk og/eller på sengepost
- Bestilling av pasienttransport, tolk, hotell m.m.
- Delta i arbeidsgrupper for utvikling og forbetring av seksjonen og avdelinga
- Det kan óg bli aktuelt med blodprøvetaking og andre pasientnære oppgåver
Kvalifikasjonar (overskrift)
Vi ser etter deg som:- Er utdanna helsesekretær med norsk autorisasjon eller har anna relevant utdanning/erfaring
- Er god på og trivst med bruk av digitale arbeidsverktøy/IKT-system
- Er god på og trivst med koordineringsarbeid
- Møter menneske i vanskelege situasjonar/livskriser med respekt og omsorg
- Har gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg, og meistrer engelsk
- Har god kjennskap til vårt journalsystem (DIPS) og andre relevante system
- Har erfaring frå arbeid på sjukehus
- Liker å finne gode løysingar for både pasientar og dei du arbeider saman med
- Har ei nysgjerrig og positiv innstilling
- Er opptatt av å få til eit godt samarbeid mellom dei ulike fagområda og yrkesgruppene
- Har evne til å jobbe sjølvstendig, strukturert og nøyaktig
- Har gode kommunikasjonsevner
- Handterer hektiske periodar så vel som rolege
- Er innstilt på rullering mellom arbeidsoppgåver og arbeidsstasjonar/lokasjonar
- Ser at du speler ei viktig rolle i å skape eit godt arbeidsmiljø
Personleg eignaheit vil bli sterkt vektlagd.
Vi tilbyr
- En arbeidsplass med høgt fagleg nivå
- Hyggelege, dyktige og engasjerte kollegaer i eit stort fagmiljø
- Ei leiing som har fokus på å vidareutvikle seksjonen
- Eigne fagdagar for helsesekretærar
- Lønn etter gjeldande overeinskomster
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
May Frida Bosch, Seksjonsleiar, 959 16 782Arbeidsstad
Jonas Lies vei 715053 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4881544215
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.12.2024
Kontaktperson for stillingen
May Frida Bosch
Seksjonsleiar
959 16 782
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2790410
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ff7d2bd81a164adcaff8b018a4527ed8