Sande heimeteneste søker ny sjukepleiar
Sunnfjord kommune Sande heimeteneste
Sunnfjord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Er du ein engasjert, nyutdanna eller erfaren sjukepleiar og ønsker fast stilling i ei kjekk og spennande eining? Har du lyst på ein jobb som er givande, gjev deg utfordringar og mykje gleder?
Då har vi jobben for deg!
Heimetenestene på Sande i Sunnfjord yt hjelp og rettleiing til eldre, sjuke eller personar med funksjonsnedsetting som bur heime. Vi har ein fagleg dyktig gjeng og treng no fleire kollegaer for å bidra til å gje gode tenester for våre innbyggarar.
Vi har ledig:
Per no har vi 2- delt turnus med arbeid kvar 3. helg.
Vi ser på løysingar for langvakter på 14,5 time og arbeid kvar 6. helg, med vanlege dag/ kveldsvakter i vekene.
Arbeidsoppgåver:
- ansvar for å utføre pleie- og omsorgsoppgåver i henhold til gjeldande vedtak, kvalitetskrav og lovverk
- bidra til godt samarbeid med brukarar, pårørande og andre tenesteytarar
- bidra til god ressursutnytting i avdelinga og tverrfagleg samarbeid
- dokumentere i eininga sitt journalsystem, CosDoc, og bruke Cosdoc+ som arbeidsverktøy
- bidra aktivt til eit helsefremjande miljø
- gje rettleiing til nye medarbeidarar, studentar og elevar
Krav til søkar:
- norsk autorisasjon som sjukepleiar
- du har førarkort klasse B
- du må kunne kommunisere godt på norsk, både skriftleg og munnleg
- god IT-kunnskap
Vi søker deg som:
- har evna til å lytte og søke gode løysingar
- er målbevisst og engasjert
- har evnar både til å jobbe sjølvstendig på oppdrag og i team
- er trygg på eigne avgjerder
- er strukturert, ansvarsbevisst og løysingsfokusert
- er fleksibel og likar utfordringar
Vi tilbyr:
- godt arbeidsmiljø og engasjerte kollegaer
- ein arbeidsplass der vi ser og oppmuntrar kvarandre
- inkluderande miljø
- pasientnært og fagleg fokus
- spanande og faglege utfordringar
- leiing som er nær
- eininga disponerar bilar i tenesta
Du må søke elektronisk.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2788248
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3425403_191725_nn