Barnehagelærar
Om stillinga
Hauge barnehage ligg sentralt og fint til på Hauge og er den nyaste barnehagen på Osterøy. Vi har eit stort og flott uteområde med variert terreng og bålhytte, eigen lavvo og kort veg til fine turområder. Barnehagen har to småbarnsavdelingar og to storbarnsavdelingar med tilsaman 77 barn og 23 tilsette.
Vi søker etter ein dyktig og engasjert barnehagelærar i eit vikariat i 100% stilling frå 22.mai til 31.desember 2024. Vikariatet kan bli forlenga.
I Hauge barnehage vil du vere ein del av eit inkluderande og engasjert miljø som er opptatt av å skape ein trygg og meiningsfull kvardag for barna. Ei viktig oppgåve som tilsett hos oss er evne til å byggje gode relasjonar gjennom å møte alle barn med varme og tydelege forventningar.
Vi vektlegg gode leike- og læringsmiljø inne og ute, og gir barna rike naturopplevingar som inspirasjon for leik og læring gjennom året. Vi jobbar kontinuerleg med å utvikle oss, og gjennom kompetanseutviklingsprosjekt i samarbeid med høgskulesektoren arbeider vi med å utvikle leikemiljøet vårt. Inneverande barnehageår er vi også del av eit forskningsprosjekt med fokus på leik, bevegelse og utforsking.
I vår barnehage vil du møte kollegaer som brenn for jobben sin og som trivst godt saman. For oss er det viktig å skape eit godt arbeidsmiljø og spele på lag med kvarandre.
Vi ser etter deg som er genuint opptatt av barn, og som har eit ønskje om å vere med å bidra i det gode arbeidet vi gjer!
Arbeidsoppgåver
- Samarbeide tett med andre pedagogar og delta aktivt i utvikling av vårt pedagogiske tilbod
- Ansvar for å planlegge, tilrettelegge, organisere, gjennomføre og evaluere det pedagogiske tilbodet til barna i tråd med rammeplanen
- Støtte og vere tilstades for barn i leik og alvor
- Arbeide systematisk for å sikre eit godt og nært foreldresamarbeid
- Bidra til godt arbeidsmiljø og til kollektiv kompetanseutvikling i barnehagen
- Vere ein god rollemodell og kunne rettleie kollegaer i det pedagogiske arbeidet
- Skriftleg arbeid, til dømes planarbeid og individuell utviklingsplan for enkeltbarn
- Delta i daglege gjeremål på avdelingane og ha medansvar for samarbeid mellom avdelingar og personalet.
Vi tilbyr
- Fagleg utvikling og tett samarbeid mellom kollegaer
- Godt arbeidsmiljø og ein lærande organisasjon
- Dedikerte, engasjerte og positive kollegaer
- Tarifflønn, offentleg pensjonsordning og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
- Ein arbeidsplass som er inkluderande arbeidsliv (IA) bedrift
Kvalifikasjonskrav
- Bachelorutdanning som barnehagelærar er eit krav
- Grunnleggande datakunnskaper
- Gode norskkunnskaper, muntleg og skriftleg, jf. Barnehagelova §27
Kven er du?
- Du er fagleg sterk og evner å setje om planar til praksis
- Du let barna medverke i val av pedagogisk innhald, og er god i leik og samspel med barna
- Du evner å ha overblikk over barnegruppa og skape inkluderande fellesskap
- Du er engasjert og god på å samarbeide og kommunisere med foreldre og kollegaer
- Du bidreg til større fagleg utvikling i heile personalgruppa
- Du er positiv, fleksibel og utprega løysingsorientert
- Du er lojal og bevisst di profesjonelle rolle i barnehagen
Offentleg tenestepensjon
I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut!
Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar!
Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Osterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen. Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.
Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy.
I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.
Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Me ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ein meiningsfull arbeidskvardag.