Sjukepleiar, fast stilling i heimebasert omsorg
Det er ledig 100 % fast stilling som sjukepleiar i heimebasert omsorg frå snarast. Om lag 80 % stilling er knytt til Valderøy omsorgsdistrikt og om lag 20 % til Godøy bukollektiv.
Stillinga inngår i turnus med arbeid kvar 3. helg.
Vi søkjer ein engasjert sjukepleiar med fokus på god og trygg pasientbehandling, og i tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.
Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål om stillinga.
Det er krav om gyldig politiattest av ny dato.
Dokumentasjon på utdanning skal sendast som vedlegg til søknaden.
Arbeidsoppgåver
- Sjølvstendig ansvar for at fagleg arbeid og tiltak vert utført i samsvar med vedtekne mål og retningsliner.
- Ivareta dokumentasjonsplikta og ha fokus på fagutvikling.
- Rettleiing og opplæring av medarbeidarar og studentar/elevar.
- Bidra til eit godt samarbeid mellom brukarar og pårørande.
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø, både kollegialt og fagleg.
- Bidra til eit godt omdømme.
Kvalifikasjonar
- Offentleg godkjenning som sjukepleiar.
- God digital kompetanse.
- Sertifikat for bil.
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar
- Fleksibel, løysingsorientert og innovativ.
- Gode samarbeidsevner.
- Fagleg dyktig og kan arbeide sjølvstendig.
Vi tilbyr
- Tverrfagleg samarbeid med fleire yrkesgrupper.
- Spanande og varierte oppgåver i eit godt arbeidsmiljø.
- Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
Kontaktinformasjon
Iren Hovlid, avdelingsleiar heimebasert omsorg, 41702314Heidi Renate Roaldsand, avdelingsleiar, 90248034
Elin Karin Hopland, nestleiar, 41702318
Janita Engeset Ellingseter, einingsleiar, +47 92620535
Arbeidsstad
Valderøya6050 VALDERØYA
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Giske kommuneReferansenr.: 4802012920
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.05.2024
Om bedriften
Giske kommune har om lag 8700 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman og har fastlandsamband til Ålesund. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Kommunen har høg vekst i folketal og sterk næringsutvikling, og er blant landets største fiskerikommuner. Kommunen er ein attraktiv stad å bu og arbeide, og har ein høg andel barn og unge.