Ynskjer du og arbeida som miljørettleiar? Sjå her!
Voss herad Voss ungdomsskule
Olavsvegen 5, 5700 Voss
Om jobben
Stillingstittel
100 % faste stillingar som miljørettleiar
Type ansettelse
Fast
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest i dag
Voss ungdomsskule har ledig 1 - 2 faste stillingar, som miljørettleiar. Stillingane utgjer 100%, fylgjer skuleruta og har derav 11% reduksjon i lønn
Om arbeidsstaden
Voss ungdomsskule er ein 8-10 skule med omlag 560 elevar og 90 tilsette. Skulen ligg sentralt på Vossevangen.
Våre elevar skal oppleve eit inkluderande skulemiljø der dei kan utvikla sine talent og interesser i samband med andre elevar. Me ser etter personar som har eit brennande engasjement for barn og unge, og som ynskjer å bidra til å gjere ein forskjell for elevane våre
Me tilbyr
- gode vilkår for fagleg utvikling
- ein god arbeidsplass med dyktige kollegaer
- eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- gode forsikrings- og pensjonsordningar
- løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Kvalifikasjonar
- Du har høgskuleutdanning som vernepleiar, barnevernspedagog el.
Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partner som gjer det same, finn du mange spennande stillingar i Voss herad her: Voss herad - Våre ledige stillingar (easycruit.com)
Arbeidsoppgåver:
- Vere med på å oppretthalde og utvikle eit trygt og godt skulemiljø, både i undervisningstid og i friminutta
- Samarbeide med pedagogisk personale og andre fagarbeidarar/ miljørettleiarar om undervisningsopplegg som skulen og lærarar har utarbeidd for elevane
- Hjelpe til med daglege gjeremål, oppmuntre, snakke med, rettleie, støtte og motivere elevane
- Hjelpe elevar med funksjonshemming og lærevanskar slik at skulekvardagen i klasserom, symjing, kroppsøving, garderobe og friminutta blir best mogleg
- Ein må vere fleksibel i arbeidet, og kunne gå inn i andre oppgåver og arbeid med andre elevar om det oppstår behov for det
- Vere ein omsorgsfull rollemodell
Gyldig politiattest må leggjast fram ved tilsetjing
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar.
I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver venleg og last opp vitnemål og attestar til søknaden
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2733833
- Sist endret
3. september 2024
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3397959_212971_nn