Jobbspesialist individuell jobbstøtte (IPS)
Nav Hareid-Ulstein-Sande
Kjøpmannsgata 16, 6060 Hareid, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Jobbspesialist individuell jobbstøtte (IPS)
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 12. januar
Trur du på at det finst ein jobb for alle? Ønskjer du å gjere ein forskjell i folk sine liv og bidra til at dei, om dei ønskjer det, finn seg jobb eller utdanning og støttar dei til å stå i det? Trivst du i tillegg med å vera på farta utanfor kontoret store delar av arbeidstida? Då kan dette vera stillinga for deg.
NAV Hareid Ulstein Sande er lokalisert i nye moderne lokale i Hareid, og her jobbar det i dag 32 tilsette. Frå 01.01.2025 vert vi ein del av eit felles NAV-kontor med Herøy og Vanylven, og vil då vere om lag 50 tilsette som yter tenester til dei fem kommunane i det nye Nav ytre Søre Sunnmøre.
Vi skal no utvida vårt team av jobbspesialistar og søkjer etter ein engasjerte og målretta kollega til fast statleg stilling som jobbspesialist innan tiltaket Individuell jobbstøtte (IPS). Som jobbspesialist støttar du arbeidssøkjarar som treng hjelp med å kome i arbeid, og som ønskjer samarbeid med ein jobbspesialist og ein behandlar. Målgruppa er personar med moderate til alvorlege psykiske lidingar. I rolla som jobbspesialist har du stor fridom i planlegginga og gjennomføringa av din arbeidshverdag. Samstundes følgjer du ei fastlagt arbeidsmetodikk med tydelege krav til metode og måloppnåing, ref. individuell jobbstøtte (IPS) - NAPHA Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid.
Du vil i ditt arbeid få støtte frå eit jobbspesialistteam, ein metodeveiledar og ambisiøse fagmiljø i NAV og kommunehelsetenesta eller spesialisthelsetenesta. Dette er eit samarbeid du òg vil få moglegheit til å vere med på å vidareutvikle.
Som jobbspesialist er du integrert i behandlerteamet i den kommunale rus- og psykiatritenesta, og får dine jobbsøkjarar henvist frå dette teamet. Behandlerteam frå spesialisthelsetenesta kan tilkome.
Oppdraget ditt er å bistå jobbsøkaren i jakta på varig, ordinært og lønna arbeid eller utdanning.
Det må påreknast ein del reiseverksemd innanfor Søre Sunnmøre.
Arbeidsoppgaver
- Arbeide etter IPS-metodikken
- Administrere og følge opp eigen portefølje på cirka 20 jobbsøkjarar
- Lære den enkelte jobbsøkjar å kjenne gjennom samtalar om erfaringar, interesser, ressursar, eigenskapar, jobbønskje og bruk av kartleggingsverktøy
- Etablere og oppretthalde gode relasjonar med arbeidsgjevarar
- Etablere og oppretthalde nært samarbeid med andre relevante støttespelarar som utdanningsstader, behandlarar og NAV-rettleiarar
- Støtte og rettleie jobbsøkjarar i å ta eigne informerte val på vegen mot ordinært lønna arbeid eller utdanning
- Dokumentere arbeidet i fagsystem
- Rapportere til metodeveiledar som har fag- og resultatansvar
Kvalifikasjoner
- Utdanning tilsvarande bachelorgrad eller høgare, gjerne innan helse- og sosialfag, pedagogikk, salg, marknadsføring eller samfunnsfag. Annen relevant erfaring og/eller utdanning kan godt kompensere for utdanningskravet
- Gode skriftlege og muntlege kommunikasjonsferdigheiter
- God digital kompetanse
- Førarkort klasse B
Ønskte kvalifikasjonar:
- Veiledningsferdigheiter
- Erfaring med å jobbe med menneske i sårbare situasjonar
- Erfaring med direkte kundekontakt, gjerne oppsøkande sal
- Interesse for næringsliv og arbeidsmarknad
Personlige egenskaper
- Du har tru på at alle menneske kan få og behalde ein ordinær jobb
- Du er initiativrik, målretta og alltid på jakt etter gode løysingar
- Du er strukturert og opptatt av resultat og kvalitet
- Du er god på å bygge relasjonar og har gode samarbeidsevner
- Du er ein god lagspelar
- Du er tolmodig, uredd og nysgjerrig
Personlege eigenskapar og motivasjon for stillinga vert vektlagt.
Vi tilbyr
- Spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innanfor eit viktig samfunnsoppdrag/der du kan gjere ein forskjell for andre
- Godt fagmiljø med engasjerte og inkluderande kollegaer som deler di tru på at alle kan jobbe
- Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Stort handlingsrom og ansvar for å planlegge eigen arbeidsdag
- Konkrete mål du kan strekke deg etter og som du direkte påverkar
- Fleksibel arbeidstid og moglegheit for hybrid arbeidshverdag innanfor våre retningslinjer
- Lønn som rådgjevar i stillingskode 1434 innanfor lønnsramme kr 565 900 - 620 000. Høgre løn kan vurderast for særleg kvalifiserte søkjarar.
- Gode pensjonsordningar gjennom Statens pensjonskasse
Dersom du kjenner deg igjen i denne beskrivelsen og har lyst til å bli ein del av vårt team, så send oss di søknad og CV innan søkefristen. Vi ser fram til å høyre frå deg!
Kontaktinformasjon
Kristin Bjerkvik, Avdelingsleder, 907 82 241Alexander Måseidvåg, Nav-leder, 970 31 241
Arbeidssted
Kjøpmannsgata 166060 Hareid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: NAVReferansenr.: 4896603136
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.01.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Alexander Måseidvåg
Nav-leder
970 31 241
Kristin Bjerkvik
Avdelingsleder
907 82 241
Om bedriften
Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2818871
- Hentet fra
talentech
- Referanse
67a9111a3fd142dea04117e7db8499b4