Avdelingsdirektør
Om stillinga
Kulturdepartementet søkjer ein leiar til seksjonen som i dag har ansvar for fagområda bibliotek, litteratur, arkiv og språk, inkludert lovverk på desse områda. Arbeidet med ny arkivlov vil vere sentralt. Seksjonen har åtte medarbeidarar.
Seksjonen har fagleg ansvar for styringa av Nasjonalbiblioteket, Arkivverket, Språkrådet, Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek og Nidaros Domkirkes Restaureringsarbeider. Seksjonen forvaltar dessutan tilskot og spelemidlar og koordinerer arbeidet med forsking og utvikling (FoU), og samiske saker.
Seksjonen har ansvar for satsinga på digitalisering i kultursektoren. Fleire av verksemdene seksjonen har etatsstyringsansvar for, nyttar i aukande grad digitale løysingar. Digital utvikling er difor viktige sider ved den ledige stillinga.
Arbeidsoppgåver
- leie, organisere og følgje opp arbeidet i seksjonen
- ha resultatansvar for oppgåvene i seksjonen
- ha personalansvar for dei tilsette i seksjonen
- utvikle fagområda og medarbeidarane
- bidra til å leie og utvikle avdelinga
- samarbeide med den politiske og administrative leiinga i departementet og bidra til å utforme og setje regjeringa sin politikk på fagområda ut i livet
Avdelingsdirektøren er med i leiargruppa i avdelinga og rapporterer til ekspedisjonssjefen, som er øvste leiar for avdelinga.
Søkjarar må vere budde på at det kan skje endringar av porteføljen i seksjonen.
Kvalifikasjonar
Som leiar må du vere handlekraftig, kreativ og løysingsorientert, ha evne til analytisk og strategisk tenking og kunne utvikle felta seksjonen har ansvar for. Stillinga krev at du er administrativt ryddig og forstår rolla som leiar i eit departement. Det inneber at du òg har god forvaltnings- og prosesskompetanse.
Vi søkjer deg som
- har relevant utdanning med fullført grad på masternivå (lang erfaring kan kompensere for kravet til utdanning)
- har god innsikt i fagområda og god kunnskap om lov- og regelverksarbeid
- har kjennskap til dei ulike arbeidsprosessane i seksjonen
- har evne og vilje til å bidra til i endrings- og omstillingsarbeid
- har svært god munnleg og skriftleg formidlingsevne
Eigenskapar
Vi ser etter ein leiar som
- er ein lagspelar med gode leiareigenskapar
- har eit godt humør, og motivasjon og interesse for leiing
- har gode evner til å organisere arbeidet, delegere og sørgje for framdrift og gode leveransar til rett tid
- er initiativrik, utviklingsorientert og har gjennomføringsevne
- skapar samarbeidskultur i seksjonen og på tvers i organisasjonen
Stillinga er eit embete, og du må difor vere norsk statsborgar for å bli tilsett. Det er òg eit krav at du kan få tryggingsklarering. Klausul om mogleg karantene og saksforbod ved overgang til ny stilling utanfor staten inngår i arbeidsavtalen.
Vi meiner at mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse og livserfaring og ulike fagkombinasjonar og perspektiv for å bidra til at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre.
Vi tilbyr
Kulturdepartementet har eit kunnskapsrikt og stimulerande arbeidsmiljø med engasjerte, kompetente og resultatorienterte medarbeidarar. Kvardagen i kulturvernavdelinga er prega av varierte og utfordrande arbeidsoppgåver og eit hyggjeleg og uformelt arbeidsmiljø.
Som leiar hos oss vil du òg delta i leiarutviklingsprogrammet vårt saman med leiarkollegaer frå heile departementet.
Vi held til i trivelege lokale midt i Oslo sentrum. Som tilsett hos oss har du fleksibel arbeidstid, høve til trening i arbeidstida, pensjonsordning og rett til å søkje bustadlån gjennom Statens pensjonskasse.
Innplassering som avdelingsdirektør frå kr 850 000,– til kr 980 000,– brutto per år.
For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vere aktuelt.
Som leiar hos oss får du ansvar for spennande og fagleg utfordrande arbeids- og leiaroppgåver, og ei aktiv rolle i å leie og utvikle avdelinga. Du må vere fleksibel og kunne bidra inn i nye/endra oppgåver.
Inkluderande arbeidsliv og mangfald
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med nedsett funksjonsevne, hol i cv-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seie å bli positivt særbehandla, må søkjaren oppfylle nokre krav.
Les meir om krava på Arbeidsgjevarportalen.
Vi oppmodar søkjarar til å krysse av i jobbportalen dersom dei har nedsett funksjonsevne, hol i cv-en eller innvandrarbakgrunn. Kryssa i jobbsøkjarportalen dannar grunnlaget for ein anonymisert statistikk som alle statlege verksemder skal ha med i årsrapportane sine.
Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har særskilde behov. Aktuelle tiltak kan til dømes vere å skaffe tekniske hjelpemiddel, tilpasse møblar eller endre rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.
Offentleg søkjarliste og kontakt
Dei som søkjer, må vere merksame på at opplysningar om dei kan bli offentleggjorde, sjølv om søkjarane ber om ikkje å bli oppførte på den offentlege søkjarlista. Departementet vil svare på krav om unntak frå den offentlege søkjarlista før ho blir offentleggjord.
Vil du vite meir om stillinga, kan du ta kontakt med ekspedisjonssjef Steinar Lien, tlf. 954 24 004 eller avdelingsdirektør Helle Campbell, tlf. 930 14 993.
Om bedriften
Om oss
Kulturdepartementet har ansvar for den statlege politikken og forvaltinga på områda kultur, likestilling og diskriminering, opphavsrett, medium, idrett, frivillig verksemd og pengespel og lotteri.
Departementet har om lag 160 tilsette, for tida fordelte på fem avdelingar og ei kommunikasjonseining.
Kulturvernavdelinga har ansvar for arkiv, bibliotek, visuell kunst, arkitektur, litteratur, språk, kulturbygg, museum, immateriell kulturarv og samiske saker.