Fagarbeidar/assistent i Nordbygdene barnehage
Ål kommune har ledig 100% mellombels stilling som fagarbeidar/assistent i perioden 01.08.24-10.08.25
Om stillinga
Nordbygdene barnehage er ein av fem kommunale barnehagar i Ål kommune. Barnehagen set leik, læring, samspel, meistring og medverknad i fokus; der personalet arbeider tett på barna, for å bidra til trivsel, utvikling, leik og læring. Nordbygdene barnehage har stort og variert uteområde, med gode turalternativ i nærmiljøet. Les meir om barnehagane på Ål kommune sine heimesider; www.aal.kommune.no.
Som fagarbeidar/assistent deltek du i dei daglege rutinane og aktivitetane på avdeling med barn, medarbeidarar og i møte med føresette. Du deltek også på personalmøte og avdelingsmøte.
Me søkjer deg som har følgande kvalifikasjonar
- fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
- anna relevant utdanning og/eller praksis blir vurdert
Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar blir vektlagde. Vi ynskjer at du:
- er ein engasjert og leikande person som er interessert i å gjere kvar dag til ei god oppleving for borna våre
- har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- har pågangsmot og engasjement
- er lojal og positiv
- er fleksibel og løysingsorientert
Vi tilbyr
- ein barnehage med godt samarbeidsklima og utviklande arbeidsmiljø
- spanande arbeidsplass med tett samarbeid mellom barnehage og skule
- engasjert personalgruppe, flotte barn og føresette
- felles kompetanseheving
- lønn etter gjeldande tariffavtale
- arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala
Send søknad
- vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
- dei som blir tilsette må legge fram politiattest som ikkje er eldre enn tre månade
- kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista
Velkomen som søkjar!
Link til søknadsskjema: Søk her