PP-rådgjevar
Oppvekst, Vinje kommune
Vinjevegen 192, 3890 Vinje, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
PP-rådgjevar
Oppstart
1. januar 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 26. desember
Kommunane Tokke, Fyresdal og Vinje etablerer eit nytt vertskommunesamarbeid for pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), og søkjer fleire engasjerte pedagogisk-psykologisk rådgjevarar som er klare for spennande utfordringar.
I tråd med oppvekstreforma og auka fokus på tverrfagleg samarbeid i kommunal sektor, satsar me på å byggje eit sterkt lag rundt barnet. PP-tenesta vil vere ein sentral del av eit breitt og samansett fagmiljø, på tvers av verksemder og profesjonar. Me har stort fokus på førebygging og tidleg innsats, og me ynskjer å ha ei PP-teneste som er tett på, og som er synlege og til stades i barnehagar og skular.
Vinje kommune er vertskommune, og tenesta vil bli organisert under kommunalområdet for oppvekst. Hovudkontoret vil ligge i Åmot med arbeid ut i dei tre kommunane. Du vil møte dyktige og hyggelege medarbeidarar, i eit breitt fagmiljø på tvers av tenester og verksemder. Me tilbyr stor grad av sjølvstende og påverknadsmoglegheit. Relasjonskapasitet og samskaping er berebjelker i vår organisasjon.
Arbeidsoppgåver
- System- og individretta rettleiing til barnehage og skular.
- Kartlegge og utgreie barn som har behov for ekstra hjelp og støtte.
- Sakkunnige vurderingar etter Opplæringslov, Barnehagelova og Lov om vaksenopplæring
- Delta aktivt med tidleg innsats og førebyggande arbeid inn i skular og barnehagar.
- Støtte barnehagar og skular med kompetanseheving og organisasjonsutvikling etter behov.
- Utvikle godt samarbeidsklima med aktuelle samarbeidspartnarar gjennom gode rutiner.
- Tilvising til og samarbeid med 2. linetenester
- Legge til rette for godt samarbeid inn mot barn og foreldre
Kvalifikasjonar
- Utdanning innan det pedagogiske fagfeltet.
- Det er ynskjeleg med profesjonsutdanning som psykolog eller mastergrad innan spesialpedagogikk, pedagogikk, psykologi eller tilsvarande, men relevant erfaring kan kompensere for delar av manglande utdanning. Forventing om tilrettelegging av naudsynt tilleggsutdanning vil bli formalisert.
- Kompetanse og erfaring frå arbeid med dysleksi og dyskalkuli vil bli vektlagt.
- Formell testkompetanse, eller brei erfaring med kartlegging og testing.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne.
- Kjennskap til barnehagelova, opplæringslova og andre relevante lovverk og styringsdokument.
Personlege eigenskapar
- Du er ein person med varmt hjarte for barn og unge, og jobbar etter barns beste-prinsippet.
- Du har gode samarbeidsevner, er fleksibel, løysingsorientert og har evne til å ta initiativ.
- Du er ein fagperson som har eit reflektert forhold til PP-tenesta sitt oppdrag som rettleiar på system- og individnivå.
- Du likar utfordringar og er motivert for å vere med på eit nybrotsarbeid.
- Du er open for endringar og evnar å justere arbeidsmetodar ved behov.
- Du er fagleg nysgjerrig og ynskjer å vere med på å utvikle inkluderande barnehage- og skulemiljø, med fokus på førebygging og tilrettelegging for barn og grupper med ulike behov.
- Du må vere god til å lytte.
- Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
Me tilbyr
- Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver, der du vil utgjere ein skilnad for barn og unge i Tokke, Fyresdal og Vinje.
- Arbeidsmiljø med fokus på personleg og fagleg utvikling.
- Moglegheit for vidareutdanning.
- Godt tverrfagleg samarbeid.
- Stor grad av sjølvstende med god administrativ støtte og tett oppfylging frå leiar.
- Fleksitidsordning.
- Køyregodtgjersle etter statens satsar.
- Løn plassert i Vinje kommunes lønsregulativ i tråd med gjeldande tariffavtale.
- Arbeidstidsavtale med ferie etter avtale.
- Vinje kommune kan hjelpe til med å finne bustad.
- God forsikrings- og pensjonsordning.
- Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar.
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Kontaktinformasjon
Anders Sandvik, kommunalsjef oppvekst, 95407593, anders.sandvik@vinje.kommune.noArbeidsstad
Vinjevegen 1923890 Vinje
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vinje kommuneReferansenr.: 4891308527
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.01.2025
Søknadsfrist: 12.12.2024
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Me ynskjer deg velkomen til Vinje!
Midt mellom Oslo og Bergen, ved foten av Hardangervidda, ligg nasjonalparkkommunen Vinje. Rik på areal, naturlege ressursar, kultur, kontrastar - og historie.
Med sitt store areal har kommunen rikeleg med tumleplass, der dei kontrastfylte årstidene på mange vis legg premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar.
Åmot er eit regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er fjellbygder som er sentra i attraktive turistområde. Øyfjell er ei levande bygd, med oppvekstsenter og grendehus.
Me håpar du vil trivast hjå oss!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2806773
- Hentet fra
talentech
- Referanse
25dbafbf9cac4c0da637ef2bb99ed628