Vi søker sjukepleiar til faste nattevaktsstillingar
Barne- og ungdomsklinikken/ Barnekirurgi, Helse Bergen
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Vi søker sjukepleiar til faste nattevaktsstillingar
Type ansettelse
Fast, deltid 75%
Arbeidstid
Natt
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Barnekirurgen er ein sengepost i Barne- og ungdomsklinikken som har pasientar frå dei fleste fagfelt innan kirurgi. Vi ivaretar gastrokirugiske, urologiske, ortopediske, ØNH, kjevekirurgiske, plastikk-kirurgiske, Auge- og sarkom-pasientar, så du må like variasjon og vere fagleg interessert. Vi har 15 senger på posten der vi ivaretar alt frå planlagde rutineoperasjonar, til akutte skadar.
Stillinga er pt 75% med arbeidstid kl 21:30-07:00 og kvar 3.helg.
For stillingane er det krav om dokumentert norsk autorisasjon. Vedkommande som får tilbod om tilsetting må legge fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell §20a (gjeld arbeid med barn og utviklingshemma).
Arbeidsoppgåver
- Hos oss skal du ta imot, overvake, observere og gje pleie til barn og ungdom i alderen 0-18år. I tillegg skal du legge til rette, gje støtte og omsorg til deira pårørende
- Du vil inngå i eit tverrfagleg team som samarbeider om å gje pasientar og pårørande eit best mogleg opphald hos oss
- Bidra til god søvnhygiene
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Det er ønskeleg med erfaring som sjukepleiar frå klinisk arbeid innan våre fagområde. Erfaring med barn er ikkje nødvendig
- Arbeidet krev at du kan planlegge sjølvstendig og er fagleg og personleg trygg som sjukepleiar
- Du må bidra i arbeidet med å vidareutvikle avdelinga både fagleg, og som eit godt sted å jobbe
Personlege eigenskapar
- Du liker å by på deg sjølv
- Du har fokus på god kommunikasjon
- Du deler av din kunnskap
- Du kan gje og ta imot tilbakemeldingar
- Du er til stades
- Du kan arbeide sjølvstendig og strukturert
- Du er fagleg engasjert, fleksibel og har gode evner til å samarbeid både med eigen og andre yrkesgrupper
- Du må like å arbeide i høgt tempo og vere innstilt på endring
Vi tilbyr
- Lønn i henhald til gjeldande overeinskomst
- Ein spennande og utfordrande jobb
- Systematisk opplæring og oppfølgning i din utvikling
- Fagleg og personleg utvikling
- Godt arbeidsmiljø prega av openheit, læring, engasjement, kompetanse, empati og nærleik
Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Anette Tysnes Aarvik, Konst. seksjonsleiar, 41701524, anette.tysnes.aarvik@helse-bergen.noArbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4810782802
Stillingsprosent: 75%
Fast
Søknadsfrist: 21.05.2024
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Nettsted
www.helse-bergen.no
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2644588
- Sist endret
22. mai 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
edee2a28e71a428b9bf73cfc317cc123