Assistenter
Kirugisk serviceklinikk / KSK støtte SOP, Helse Bergen
Haukelandsveien 22, 5009 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Assistenter
Oppstart
1. april 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 25. februar
Kirurgisk Serviceklinikk (KSK), er den største somatiske klinikken i føretaket med ansvar for store delar av tilbodet innan operasjon, anestesi, intensivbehandling og akuttmedisin på Haukeland universitetssjukehus. Over 1400 tilsette arbeider i klinikken pr.dags dato. Sterilforsyning og støtteavdelinga er ei stor og attraktiv avdeling i KSK med tre seksjonar. Støtte SOP er ein av de tre seksjonar som gir tenester av høg kvalitet for å sikre at helsepersonell i pasientbehandling opplever ein god logistikk av vare- og utstyrsflyt.
Vi har følgande ledige stillingar:
* 2 x 100% vikar stillingar som assistent. 3-delt turnus med kvar 4 eller 5 helg.
Oppgåvene våre er varierte og du får arbeide med svært kompetente kollegaer. Aktuelle kandidatar blir fortløpande kalla inn til intervju.
Ein må vere førebudd på allokering av personell til andre seksjonar i avdelinga.
Arbeidsoppgåver
- Reingjering og desinfeksjon av operasjonstover og andre reinhaldsoppgåver
- Sterilforsyningsoppgåver (medisinsk utstyrsbehandling)
- Bestille, motta og forsyne avdelinga med forbruksvarer
- Sørge for å halde god vareflyt gjennom dagen og bidra til å redusere risiko for flaskehalsar
- Rullering på ulike einingar må påreknas
Kvalifikasjonar
- Fagbrev i reinhald er ønskeleg, men ikkje eit krav. Lang erfaring kan kompensere for fagbrev
- Gjennomført vidaregåande skole
- Det er ønskeleg med erfaring frå relevant servicearbeid
- Du må kunne navigere i både web, outlook og word (enkle office program/microsoft 365)
- Du må meistre norsk godt, både skriftleg og munnleg. Ikke nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2- nivå
- Du skal aktivt medverke til å skape eit godt og sikkert arbeidsmiljø
Personlege eigenskapar
- Du har motivasjon og interesse for fagfelta
- Du bidrar positiv til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
- Du har høg arbeidsmoral
- Du er punktleg og pålitetleg
- Du kan å arbeide i team, men også sjølvstendig
- Du må vise evne til fleksibilitet, sjå løysingar og arbeide sikkert, raskt og nøyaktig
- Du må trivast i eit aktivt og travelt arbeidsmiljø med til tider høgt tidspress
- Du har evne til å ta til deg læring og medverke til ei god fagleg utvikling hjå deg sjølv så vel som for teamet
- Du er engasjert og tolerant og evnar å samarbeide med dine kollegaer og oppdragsgivar
- Du trivst mellom folk og deler erfaringar med andre
- Du er i god fysisk form
- Du kommuniserer og samarbeider godt med kollegaer
- Personleg eignetheit blir lagt særleg vekt på
Vi tilbyr
- Opplæring i alle våre system
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst for stillinga
- Kompetente kollegaer i eit herleg tverrfagleg arbeidsmiljø
- Mentor i opplæringsperioden
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Monica Alexandra Parreiras Lopes, Ass. seksjonsleiar, +47 98849071Arbeidsstad
Haukelandsveien 225009 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4920448058
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.04.2025
Sluttdato: 31.03.2026
Søknadsfrist: 25.02.2025
Kontaktperson for stillingen
Monica Alexandra Parreiras Lopes
Ass. seksjonsleiar
+47 98849071
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2860544
- Hentet fra
talentech
- Referanse
d145992a9999423f993de2849c4b3d51